Avslørande…


Google

Kan det verta meir avslørande?

No viser pilene raudt på luftureiningsmålarane i Bergen og bilistane er beordra til datokøyring, det vil seia like datoar og like bilnr kan få køyra inn til sentrum. I går kom det 4000 færre bilar inn til byen.
Men så er det slik at her ligg 8 ? 10 forsyningsbåtar (supplyskip) som kvart av dei spyr ut like mykje som dei 4000 bilane, men desse båtane får liggje.
Kvifor? Jau pengane og botnlina til havnevesenet rår sjølv om heimelen for  å bortvisa desse båtane står temmeleg klårt i regelverket.
Her trumfar tydelegvis hamneavgifta reinare luft i byen vår.
Få fingen ut og få desse båtane bort frå havnebassenget, det treng bylufta!

Google…Ikke bra det her…

Gubbens årskavalkade 2015…

Først GODT NYTT ÅR til alle mine digitale kontaktar.

Slik eg har gjort tidlegare år har eg også denne gongen prøvd å trekkja ut eit vers frå kvar av månadssamandraga mine. For deg vil kanskje samandraget stå som litt tilfeldig samansett, og det er det også. Du saknar sikkert kommentarar over mange viktige saker medan det mindre viktige er med.  Vonar at nokre av versa kan vekkja litt refleksjon…Dersom du lurer på bakgrunnen for innhaldet i enkelte vers får du kommentera det så skal eg, etter beste evne, prøva å svare.

Året 2015.

Januar.
Så startar gubben det nye året
som vanleg med blanke ark.
medan Siv og Erna riv seg i håret
og prøver å parera politiske spark.
Dei messar om skyene i horisonten,
åtvarar om den økonomiske uversfronten.

Februar.
Blomhoff var ein annsam mann.
Høgvyrd prest og samfunnsstøtte.
Kongens sølv vart tildelt han,
men kva var det då han møtte ?
Jau, sin eigen ustyrlige ereksjon
og lauslivnad for million på million.

Mars.
Å saksøkja staten er ei fåfengd øving
det fekk nordfjordbønder smerteleg erfare.
Etter årelang, traurig og rettsleg prøving
vart sigeren deira ei forderveleg vare.
For kva svarde staten då saka var tapt?
Jau, ei forskrift endra bondens siger til slakt.

April.
Den danske dronninga har feira dag,
men kvar vart det av gemalen?
Han var?kje å finna i det royale lag,
angjeveleg i senga , krimsjuk og valen.
Nei, han boikotta visst heile festen,
i Venezia fann nokon den villfarne gjesten.

Mai.
Ari er stadig dedikert til kunsten,
denne gongen er emnet pikk.
Er han plaga av 40 ? års brunsten
eller strekkjer han royal sed og skikk?
Er «kunsten» hans klarert av kongen,
og kjem det no nytt vers på kongesongen?

Juni.
Klagar du på veret er du mindre begåva.
Det fortel ein professor ved NTNU.
Men eg lurer på om han ikkje har snåva
I si eiga intellektuelle overtru.
Du må ikkje ta til deg alt du høyrer og les.
Det er lov å deppa om det høljer og bles.

Juli.
Kyrkje og homofili er visst ingen spøk.
Der kranglar dei om den heilage skrifta.
Verre enn å løysa ein broten brøk
er den mangslungne mennskedrifta.
Kyrkjeleg vigsel går slett ikkje an,
for kvinne med kvinne, og mann med mann.

August.
Ja, så rører bjørnen på seg att.
Putin er ute på skattejakt.
Han er ingen malande pusekatt,
og mantraet er stadig meir makt.
No er det nordpolen som freistar bamsen
og klørne ligg klar i bjørnehamsen.

September.
Så er kommunevalet endeleg omme
og Jonas smiler frå øyre til øyre.
Sigeren hans, den måtte komme,
dei blå-blåe var ordentleg ute å køyre.
Dei har rota til politikken
utan å ensa den sterke kritikken.

Krangel, rot og sundagsopen butikk
kosta stemmer i tusental.
Lite lytta dei til folket sin kritikk
og freidig gjekk dei til årets val.
Som kjend står hovmod oftast for fall,
og tom vart han då, deira valsigerspall.

Oktober.
Våre nye landsmenn feirer ID,
og Grieghallen skal festen føra.
Sjølvsagt ikkje utan strid
for kvinnene må inn sidedøra.
Og Noreg let festen koma i gang
med diskriminering i Allahs namn,

November.
Inn strøymer flyktningar og asylantar
som søkjer oss frå mange kantar.
Dei fleste kjem frå Syria og Afghanistan.
Me lyt mest husa fleir enn det går an.
Men, kva politisk styring er oss no til del.
Jau, kjeppheststrid og politisk spel.

Desember.
Så har Erna rydda i løveflokken
Fleire statsrådar har bytta plass.
Og Sandberg har lagt hovudet på «blokken»
i Ernas innfløkte regjeringspalass.
Hareiden ber Sandberg passa kjeften no
om ikkje regjeringsstøtta skal ramla i do.
31.12.2015.M-m.