Jaja, me styrer og steller, ikkje minst styrer. Lover og forskrifter lyt me vel ha, men av og til kan det tykkjast å gå litt over stokk og stein. Slik det til dømes no kjem fram at barnehagar, friviljuge organisasjonar friviljuge lyt ha same skiringsrutiner som profesjonelle aktørar på sjøen.
For å setja det på spissen, skal du ta med nokre ungar fra ein fritidsklubb ut i robåt for å læra dei å ro lyt du som leiar vera sertifisert og ha med redningsflåte, naudbluss, VHS og ha sikkerhetskurs.
Det seier seg sjølv at det kan verta langt mellom båtturane for ungane med slike krav. Då vert kanhende dei gamle båtvraka ein finn i ymse barnehagar opplæringsarenaen for den vaksande generasjonen.
Sjølvsagt skal ein ikkje slumsa med tryggleiken på sjøen, men ein lyt spørja seg om ikkje ein her er på spurvejakt med kanoner. Det fins snautt eit eksempel på ulukke for denne typen aktivitet etter det gamle regelverket. No skal det seiast at sjølve sjøfartsdirektoratet no skal sjå på sitt eige regelverk, men det kan ta vinter og vår…
Jaja, dette vart kanskje nokre formastelege tankar frå ein som er vaksen opp i robåten, og som kanskje nett difor burde halda kjeft.
Google. Vert dette den framtidige opplæringsarenaen i sjøvet?
Skal du organisera båttur for ungar
for å venja dei til sjøvett og båt.
Då vert du stogga av byråkratiske tunger
med reglar om korleis du skal fara åt.
Sjømannskap lærer du visst best på land
i ein barnehagebåt full av jord og sand.
Du lyt ha sertifikat og tryggingskurs
og båten lyt ha VHS og redningsflåte.
Nei, ikkje noko tull og kluss
når du skal læra borna å ro og skåte.
Det er viss enklast å halda seg på land
i ei barnehagebåtvrak med spade og spann.
28.12.2018.M-m.