Desemberhymne 2016.


Google.

Desember 2016.

Dei jobba dag og natt med vårt budsjett,
millionar vart flytt fram og attende.
Statsministeren fekk det ikkje lett
for småpartia ville ha eit grønare lende.
Trine og Knut Arild var sur og forbanna,
bilpakka fekk nesten det heile å til stranda.

Ja, så vart dei då samde til slutt,
og me fekk eit grønare budsjett.
Etter veker og dagar med krangel og krutt,
vart endeleg sluttstreken sett.
Smilande einige på pressekonferansen
avslutta dei den årlege pengedansen.

Så kom eit framlegg av underleg slag,
er du skulesvak får du vitjing av NAV.
Der skal granskas din familienære dag,
er heimen din til for mykje stress og kav.
Skal NAV no også oppseda ungane våre?
då går byråkratiet over berg og båre.

Så er den årlege skulejulestriden i gong
og skulen må halda seg unna guds hus.
Juleordet må bort frå kvar julesong
og bannlyst vert julas orgelbrus
«Deilig er jorden» skal berre nynnast,
Men kan juleevangeliet enno forkynnast?

Endeleg kan me snakka med Kina,
etter seks kalde og ordlause år.
Det tok si tid innan isen fekk tina
og å løyst opp dei diplomatiske sår.
Men urettskap må me gå imot utan å tvile.
Det er viktig å ikkje verta heilt servile.

Så har Erna endra litt på laget.
Justis har fått enno ei asylkritisk røyst.
Då er dei to på det innvandrarkritiske laget,
det vert korkje Trine eller Knut til trøyst.
Styrer ho skuta mot valnederlag
og ryddar vegen for Jonas sitt lag?

Dette vert mitt siste månadsbrev,
pennen vert frå no lagd ned.
Alderen skal få det han krev,
politikarar og maktfolk skal  få fred.
Eg vil takka for alle gode kommentarar,
og finna godstolen som andre proletarar.
31.12.2016.M-m.
 

Dagen derpå…

Etter en skikkelig stormkule med orkan i kastene våknet vi i dag til svartestille og tørr asfalt, Men vi kom straks tilbake til normalen, for etter to – tre timer var vårherres overrislingsanlegg igang igjen og asfalten ble atter bløtlagt.
Måtte en tur ut til Øygarden for å sjekke eiendommen. Naustet vårt står utsatt til i nordveststorm, men denne gangen unngikk vi opprettingsarbeide.
Mens vi var nede ved sjøen måtte vi ta noen bilder ut over havet som også hadde lagt seg betydelig etter stormværet.

Broderen måtte også få noen snapshots.

Det “koker” fremdeles…

Best å holde seg unna her…

Han er fremdels sint der ute…

Det roer seg nå…

Vi venter…


Google
Ja, hva venter vi egentlig på i dag, en dag som vanligvis er en av de travleste dagene i året. En dag hvor vi farter rundt for å få unna alle aktivitetene før høytiden er over oss. En dag hvor farten er såpass stor at svært mange ser sin evt julegratiale svinne i bulken som ble påført bilen i kampens hete.
Er gavene i hus? Er treet på plass og pyntet? Hva med julematen, er den i boks eller har du glemt surkålen? Eller var du kanskje en av dem som fikk med en hel kartong til en krone pr pakke?
Har akevitten kommet på kjøling, er rødvinen satt til temperering? Har du fått sendt julehilsen til alle dine venner?
Her er tusen ting å passe på så skuldrene er stort sett på nivå med ørene..
I år er her heldigvis en ting mindre å passe på. Forskere i Bergen har visstnok funnet ut at en god porsjon med flerumettede fettsyrer i julen er rene medisinen for skrotten. Så her er det bare å «gi på» med pinnekjøtt, ribbefett, svinesylte osv. osv. Alt for helsa!
Ja, og så må vi bli ferdig med forberedelsene før «Kvelden før kvelden» starter i fjernsynet, for der venter årets høydepunkt. Hvis du ikke allerede har fått i deg så mye av juleakevitten at du har snubla i katta foran peisen og sitter på legevakta med forstuet håndledd må du slå på TV-en kl 21.00.
Der er det nemlig klart for «Grevinnen og hovmesteren».

Google
Server din egen grevinne noe godt i glasset og la jula sige inn i heimen!
God jul!

Så kapitulerte me…

Dei siste fem åra har me, framfor kvar jul, snakka om å gå over til kunstig juletre. Men farge, fasong og ikkje minst pris har gjort at me har halde på det tradisjonelle grantreet. Same dagen som me skulle ut og skaffa oss den fine julegrana kom det ei annonse frå Plantasjen (ikkje sponsa) kor dei selde juletre til halv pris. Me stakk innom, fann ut at treet såg fint ut, så dermed var det gjort. Det vart kunstig tre i år.
Så var det å engasjera den yngre del av slekta for å få hjelp med montering og pynting.

Magnus og Amanda bar kassen med treet i inn i stova og…og alle var spente kva som låg i den, og korleis delene var ordna.

…Her ligg treet i “flatpakken. Kan no dette verta eit tre til å halda jul med?

Her står dei med kvar sin del. Amanda vart visst att i kassen medan Andrea har sikra seg toppen. Men, høver alle desse delane saman?

Jau, det ser då ut for å gå bra dette, og etter litt retting på greinene…

…kom dei 200 ledljosa opp i ein fart, og…

…og så kom ljosa på, og pynten hengd opp og treet var klar til julefesten.

Magnus kviler ut etter jobben, og det må seiast at det pynta treet treng me ikkje skjemmast over. Det vert jul i år også.
Så står det berre att å ynskja alle som føl funderia mine ei retteleg god jul…

Alt til si tid…


Google

Alt til si tid.

Det kveldast i tunet
og mørknar i ruta.
Ho søkjer til lands
den gamle skuta.
Drivkrafta veiknar minutt for minutt
rekk ho til lands før det heilt tar slutt?

Ho for over hav,
i storm og stille.
I ofseleg kav
på bylgjene ville.
Ho drøymer no om ei fredeleg havn
og til kvild ved kaikantens trygge favn.

Ved solfylte kyster,
kvinner og spel.
Med  sjølivets lyster,
med kåtskap og sprel.
Men no er det berre ein tanke for baugen
å leggja til kaia og venta på draugen.

Ho sig til lands,
til den siste havna.
Til siste dans
Mot kai ho stavna.
Ho tømmes for mannskap, liv og last
men minna sit enno i spantene fast.
———
Natta sig inn over heim og båt.
Ho slit ikkje lenger i trossa.
Vil ikkje lenger bli valen og våt
og framover storhavet fossa.
Krafta er borte og modet svinn.
Ved kaia ho ventar på lagnaden sin.
18.12.2016.M-m.

Jul til besvær…


Google.

Jul til besvær.

Å jul med din glede
hugsar du den julesongen?
Den var aldri til «vrede»
for oss ungar den gongen.

I dag vil dei fjerna ordet jul,
og ingen englar som dalar i skjul.
Gjetarane får passa sine dyr
medan me på juleshopping «flyr».

Deilig er jorden, ein farleg song,
den får me’kje syngja ein gong.
Songen skal no berre nynnast
og evangeliet ikkje forkynnast.

Ingen skuleavslutning i kyrkja,
forkynning må me ikkje dyrka.
Me skal vera så forbanna nøytrale,
å tona flagg er hakkande gale.

Må me gøyma religion og kultur
berre slik at ingen andre vert sur?
Skal jula berre bli ein kjøpefest
utan barnet, song og prest?
15.12.2016.M-m.
 

Brobygging…


Google

Bruene i livet.

Bruer er vidunderlege konstruksjonar,

dei bind saman naboar, grender og nasjonar.

Menneske kan koma lett og trygt til andre sida,

og vitja kjend og kjær heile tida.

Men, bruene krev godt vedlikehald og stell

om du skal kryssa trygt kvar dag og kveld.

Er di eiga bru open og trygg ?

Gløym ikkje vedlikehaldet på ditt viktigaste bygg.

Ei helsing eller merksemd til nokon du kjenner,

og de er framleis gode venner.

Pleielaust venskap raknar over tid

Og einsam står du att på brusida di.  

11.06.2009.M-m.


Google

Skatt, hva er nå det?

Vi hører stadig politikergnålet om skatt. Venstresidas mantra er at høyresida gir store skatteletter til de rikeste, og høyresida fastholder at deres skatteletter er med på å gi flere arbeidsplasser. Den diskusjonen skal de få ta seg imellom uten min innblanding.
En ting ser det ut for at de er skjønt enige om. nemlig at veiutbygging og kollektivsatsing skal finansieres av fossilbilistene med det resultatet at bomavgifter økes og nye bomstasjoner settes i drift. Hordaland er bompengefylket nr 1, og nå arbeider man med en storstilt økning av bompengeinnkrevingen rundt Bergen for å finansiere en gigantisk bybanesatslig.
For pendlere og bedrifter vil det kunne utgjøre tusener av kroner i året.

Foto.: Askøyværingen.
Nå ser det ut til at eierne av en krympende del av bilparken reiser seg mot denne urettferdige og usolidariske måten å foreta skatteinnkreving på, nemlig at det blir fossilbilene som skal finansiere utbygging av vei og kollektivtrafikk i dette landet.
De har nå startet en gå-sakte-aksjon i rushtiden et par morgener med resultat som bildet fra Askøy denne morgenen viser. Bilistene ønsker med dette å vise at NOK er NOK. Nå må sentrale myndigheter på banen og finansiere mer av infrastrukturen i transportsektoren.
Så tilbake til skattebegrepet og politikergnålet om skatt…Dette gnålet er med på å kamuflere det faktum at alle politiske leirer gjemmer sine skatteøkninger bak begrepet avgift. Så kan de fra stortingets talerstol stå og bedrive sin selvros om moderat beskatning.
Tror dere virkelig at vi går på den, kjære politikere?

Lucia til besvær…

Innvandring til besvær. Det har svenskene siste uka gjennomgått. Det er nemlig Luciadagen i dag med lucekatter og opptog rundt omkring.
Årets Lucia på de ymse skolene har tradisjonelt vært ei lys og fager “nordisk” jente med flott smil og lyskrans i håret.

Google
Men hva fant en svensk skole på? Jo, den tok konsekvensen av at landet hadde fått nye innbyggere og nye kulører og valgte en farget flott pike til å være årets Lucia.

Google
Men da startet “hylekoret”, for å bruke vår innvandringsministers terminologi. Vi kan da ikke velge en innvandrer med annen hudfarge til å være årets Lucia, var det unisone koret fra mange. Diskusjonen har florert, og hva resultatet ble vet jeg ikke, men jeg håper inderlig  den flotte luciajenten fikk beholde sitt verv.
Hvis vi skal mene noe med innvandring, og ikke la begrepet integrering bare bli en floskel må vi akseptere og applaudere at våre nye landsmenn får delta på alle områder i samfunnet.

Men jeg undres på om ikke innvandrere som har oppholdstillatelse og hvor de fleste har blitt norske statsborgere ofte opplever dette “luciasyndromet” eller diskrimineringen som vi også kan kalle det.
Hva med arbeidssøkende utlendinger, spesielt de med arabiskklingende navn. Hvor havner de i arbeidssøkerkøen? Jo, som oftest nederst i søknadsbunken.
Og hvor ofte kan man ikke lese om hussøkende fra den tredje verden som møter meldingen utleid eller solgt hus når utleier/selger har registrert utseendet.
Her fins nok mange flere eksempel.
Jeg vil mene at når vi har tatt imot innvandrerne må de også få sjansen til å bli integrert som fullverdige deltakere i vårt samfunn, og da må vi venne oss til å tåle å se en farget Lucia, eller et arabisk navn blant kollegene våre…

Ein gong om året…

…kvar desember er det tid for tradisjonsfest i det Haugenske hus. Då står det nemleg

…smalahåve på menyen. Då lyt det vera Kerrs-Pink-poteter og saftig kålrabistappe til, og ikkje minst

…noko godt i glaset. Om ein  ikkje har skaffa seg Smalahåveakevitten skjemmer heller ikkje Løiten smalahåvebordet.
Korleis ein tilbereder håvet og kva og korleis ein fortærer det kan vel vera noko ymse, men likar ein fyrst smalahåve er det nok eit av åras kulinariske høgdepunkt.
Mannen bak denne “delikatessen” er Ivar Løne frå Voss,

…han svir, etter eige utsagn, ca 90.000 håve om året. Han har bygd eigen Gildesal kor han arrangerer smalahåvegilde om ein ynskjer det.
Årets smalahåve på det Haugenske bord var, for å bruka salige Samaransh’ ord i ein annan sammaheng…: “The best “smalahåve” ever!

Men tru no ikkje at det berre er oss barbariske nordmenn som et smalahåve. Nei, både Færøyane og Island nyt denne retten, og ikkje minst i dei arabiske landa er smalahåve ettertrakta. Antakeleg då i ei anna tilbereding.

Jaja, festen i går vart eit høgdepunkt i denne regnfulle mørketida, og me takkar eit flott vertskap.