Ja, så var januar over for dennen gongen…

Og eg som trudde at dette skulle vera ein månad utan dei store kalamitetane, men her vart etter kvart nok å fundera over denne månaden også. Sjå berre her.

Januar 2013.

Baking og brasing i desember
og matfesten fyller heile jula.
Vekta flyg over alle render,
magefeitt let seg?kje lenger skjula.
I januar gjeld lågkaloridietten,
då vert det stusseleg på asjetten.

Ansvar er eit underleg ord,
udefinerbart vil nokon seia.
Særleg på politikkens bord
vert det ei samansausa greia.
Vanlegvis har ansvar konsekvens,
men slik er det ikkje hjå han Jens.

No er sjukehusa under lupa,
her er det visst lite på stell.
Tillit frå folket tek til å stupa,
problemnyhende kvar einaste kveld.
Verst er det visst på A-hus og Aker,
for her er det mange traurige saker.

Ei flytting skal vera årsak til rotet,
folk lyt venta eller liggja på gongen.
Politikarane driv med nedroingsknotet,
er du kjend med denne Støresongen?
Korleis trur de dei løyser problema;
Jau, nye utval vert sikkert tema!

Så har me endeleg fått det på bordet,
og me tek det til etterretning.
«Fellesskap» det magiske valkampordet,
du høyrer det mest i kvar setning.
Eit raudgrønt mantra vil nokon seie,
så no kan dei blågule berre teie!

Blågul politikk er no i vinden,
Her peiker alle pilene opp.
Snart står vel Erna oppe på «tinden».
undrar, er popularitetsbølgja på topp?
Berre nokre månader til neste val,
og Jens, han lir vel valgets kval.

Så var det godsaka siste veka,
all hårklipp til same pris.
Likestilte skallar og nett som reka
kjønnskifte også på rekas vis ?
Er det målet til vår likskapskontrollør?
Eg seier det ikkje, eg berre spør.

Eg har mest gløymt den store saka,
kyrkja skal tapa vigselsretten.
Vonar me får behalda bryllupskaka,
brudgomstalen og brurebuketten.
Giftarmål vert vel til byråkrati,
slik det høver eit moderne demokrati.
29.01.2013.M-m.

Av og til er det kjekt…

…å bo i bynært strøk og kunne få med seg noen kulturopplevelser. Imidlertid har slike en tendens til å klumpe seg sammen for vårt vedkommende, men man får ta tilbudet når det er tilgjengelig.
Denne gangen var det en lunchkonsert med tittelen “Grieg og mannen fra Hardangervidden”. Konserten var ved Bergen Filharmoniske Orkester, og var en gjennomgang av et program de skal bruke på en tur til England. Kan vi kalle det en førpremiere?
Ettesom det heter en lunchkonsert var det en enkel lunch i Grieghallens foaje rett før konserten. Her kunne man velge mellom flotte rundstykker eller fiskesuppe (vi er da i Bergen) med drikke etter ganens behov til.

Først fikk vi fire flotte stykker av Grieg med med “Dovregubbens hall” som et cresendo og en overgang til to andre komopister, Frederick Delius og Prokofiev. Alt var lette og enkle stykker som dere kan se av programmet under.
En skal være en ganske innbitt motstander av seriøs musikk for ikke å føle stemning og glede av Griegs hyllest til norsk natur og kultur gjengitt av et så stort og flott orkester. Forøvrig er de fire Griegstykkene noe av musikken til ibsenstykket Peer Gynt.

Her er konsertprogrammet hvor de to bildene i innlegget er klippet fra.

Eit lite apropos…

I går kom denne illustrasjonen fram på FB.
Som kjend er det stor forvirring hjå folk om korleis framtidig pensjon vil verta, og ikkje minst handlar det om kor lenge ein lyt stå i arbeidslivet før ein kan ta ut pensjonen.
Me får berre vona at dei som har konstruert pensjonsreformen har kontrollen, og at me ikkje vil koma til å oppleva tilstander som dette.
Ha ein god søndag.

Uppercut…eller KO…

Eg trur kanskje at eg la meg litt ut med mine kvinnelege bloggkontakter i går, men eg meinte og meiner at ein skal betala for omfanget av arbeidet som vert utført i frisørsalongen. Dersom ein er misnøgd med prisen så får ein ta det opp med,  eller byta leverandør. Å gjera dette til kjønnssak har eg diverre liten sans for.
For å repetera det eg skreiv i går så må likestillinga ha kome svært langt i landet vårt når prisen på hårklipp kan verta ei sak for ombodet.

Google.

Uppercut, eller bollesveis?

Sakte, men sikkert går det mot vår,
og ein må få av seg nokre lokker.
På tide å klargjera hud og hår,
og finna fram vårstas og tunnare sokker.

Med veksande måne og skjelvande bein,
møtte eg opp hjå stadens frisør.
Blankpolert topplokk, gullande rein
sneik eg meg inn salongen si dør.

Eg sat der ei stund og venta på tur,
og fekk fretta nytt hjå frisøren.
Same pris for brudgom og brur,
var framlagt av jamstellingskontrolløren.

Ka hoen, tenkjer eg, går det an?
Ulike i , og utafor toppetasjen.
Snauskalla eller med hesteman,
det er skilnad på hårstaffasjen.

Men, då ser eg kva kontrolløren vil.
Ho vil forma oss alle like
Bollesveis for alle må det til.
Unisex for både fatige og rike.

Lite å gjera, har visst den dama,
som lyt spikkja på slikt tull.
Unisexprisen kan gløymast med det sama.
Lat oss behalda vår ulike hårkrusedull.
24.01.2013.M-m.

Uppercut eller bollesveis…


Google

Nokon har visst lite å gjera inne i statsadministrasjonen, og no gjeld det vårt likestillingsombod som på jamstellingas alter meiner at det er urettvist at kvinner og menn betalar ulik pris for kutting av hårtustane våre.
Jaja, noko må ein vel finna på der inne, og mykje tyder på at likestillingssakene skrumpar inn etter kvart når ein kjenner seg nøydd til å bera fram slike “alvorlege” brot på likskapen mellom kvinne og mann.
Me er høgst ulike på topploket både kvinner og menn, og hårmankane våre er høgst ulike, uansett kjønn, og me ynskjer å stella dei til på ulik vis. Då har eg tenkt at det me betalar for er tida som går med til å gjera oss  presentable for spegelen og omverda, og det er vel rettferd i det.
Så einfaldig kan ein gamal gubbe vera. I mitt einfald har eg gjort meg tankar om korleis ein skulle få til denne likskapen som ombodet etterlyser. Jau, me kan då gå over til “bollesveis” heile bølingen. Då kan hårkutten verta gjort på denne måten. Plasser ein plastbolle på hovudet og klipp reint rundt.  Då kan klippeprisen verta den same, og likestillingsombodet kan fjerna ei av kampsakene sine frå skrivebordet.
Meir om dette i morgon.
Ha ein god dag.

 

Kulturuka…

Så gjorde vi det igjen, vi gikk i teateret og såg “Et dukkehjem”. Det er vel et av H. Ibsens mest kjente og mest omtalte teaterstykker. I alle fall vekket det en heftig debatt om kvinners stilling i samfunnet da stykket ble vist for første gang i København i 1879. Her var det nok av konservative gubber som gjerne ville ta en prat med Ibsen, og stykket ble i flere kretser oppfattet som et angrep på ekteskapet.

Forsiden av programmet.
Stykket går i korthet ut på at ekteparet Torvald og Nora Helmer lever i et forhold hvor ektemannen er eksponert og hvor Nora lever som en mer eller mindre underdanig pyntedukke. Hun har imidlerrtid en gang reddet sin ektemanns liv ved hjelp av en litt tvilsom økonomisk transaksjon, og denne transaksjonen kommer etterhvert for en dag, og den forårsaker et heftig oppgjør hvor hun rømmer ut av ekteskapet for å finne seg selv. Hun ønsker å finne svar på hva ekteskap og samliv betyr, og med det som formål forlater hun mann og barn.
En kan vel lett tenke seg at dette stykket skapte furore  på slutten av 1800-tallet.
Har så stykket appell i dag, over 130 år siden det ble skrevet. Her skrives det i programmet at stykket på mange måter er identitetsøkende, og at det ut fra dette perspektivet er brennaktuelt i dag. Det kan jeg si meg enig i.
Stykket som varte i nesten tre timer over to akter hadde et meget enkelt kulisseoppsett, med nivåtrinn omtrent som et amfi, og alle skuespillerne var på scenen stort sett hele tiden. Det gjorde skuespillet mer oversiktelig og på en måte følte jeg at temaene kom klarere fram.
Et tankevekkende stykke med godt skuespilleri.

 Her ser vi den flotte teatersalen fra scenen.

Gu kor gøy…


Programforside.

Da forrige teatersjef på Den Nationale Scene, Bjarte Hjelmeland, som er en allsidig scenekunstner, satte opp sitt eget “one-man-show” på Ole Bull Scene, var det bare å skaffe seg billetter og bivåne showet hans.
I går, dagen etter premiæren, hadde vi en forrykende og flott humorforestilling hvor Bjarte spilte på store deler av sitt komiske talent. Showet var delt opp i småsketsjer hvor han tok for seg alt fra en parodi på bergensordføreren, Trude Drevland til en sjøsikkerhetsvurdering av maleriet “Brudeferden i Hardanger”. En av de siste sketsjene i showet “En gammel dame innrømmer alt” var absolutt en av toppene.
Det ble en kveld med latter og humor, og stående applaus på slutten av forestillingen.
Hele forestillingen var en passe blanding av lokal og mer generell tematikk og kan absolutt anbefales for folk fra det ganske land som måtte ta turen innom Bergen denne forvåren.
Ole Bull Scene er en tidligere kino som er omgjort til en hyggelig revysalong med alle rettigheter.
Det ble altså en hyggelig kveld for gubben og fruen og for alle i den fullsatte revysalen.
God helg

Gratulerer Oprah…


Google 
ENDELEG, etter snart 20 år er katta komen ut or sekken og svindlaren har måtta vedgå sine misgjerningar. Misgjerningar som store delar av verda har hatt mistankar om i mange år.
No står det berre att å få tak i alle millionane som den karen har svindla frå andre, og reine konkurrentar, om ein kan finna slike i den populære sykkelsporten. Han bør vel også få gleda av å ta seg ein tur i “Gjeilen” som andre amerikanske utøvarar (Marion Jones) har måtta, men det gjeld kanskje berre for farga der borte.
Sjølve sykkelsporten må no kvitta seg med alle gamle doparar som framleies sit på sykkelen eller sit i styre og stell, og reinska opp samstundes som sykling vert sett i olympisk karantene til sporten kan erklærast frisk.
Eg meiner at det stort sett berre er sykkelsporten som er avdekka som ein meir eller mindre systematisk dopingsport, og då får oppreinskinga den verta eit varsko og eit føredøme for dei andre sportsgreinene kor doping forekjem.
GOD BETRING!!!

Antonsmesse.,..


Google.

Jeg hadde planlagt å skrive om ham i går, men da forsvant det for meg, så dagen var egentlig i går.
Dette skal ha vært en rikmannssønn som var  født i Egypt i år 251, og han skal ha dødd 105 år gammel.
Dette var en oldtidens Snåsamann som var kjent for å drive utstrakt helbredelse, så hans høye levelader gjenspeiler vel kanskje at han også hadde evner til å helbrede seg selv.

Antonius er regnet som den alle første munk, og ble gjort til helgen i år 1118.
Han omga seg med eneboere, som han selv skal ha vært, og disse ble hans disipler. Han lærte dem å sky kvinner og eiendom. Ja, det fans vel venner og unger man kunne forlyste seg på også i den tiden!
Han ble vernehelgen for griser, dyrepassere og børstebindere, ja tenk det!!!

Jeg kan ta med et helgens værvarsel i sammer slengen. Dette er siste dagen av en uke med klart og kaldt vær. Fra og med i morgen blir det vind og snø i en uke.
Jeg tror at vi heller følger våre jordiske værvarslere som spår kulde og fint vær en uke til. Så får vi heller kanonisere dem om varselet stemmer og la salige Antonius få hvile i sin grav.

Han har forresten fått ett korsmerke i primstaven!

Gubbetrim…

Etter å ha hatt problem med bloggen i heile dag ser det no ut til at de er kome i orden att takk vera Blogg.no-support.

I dag er det jo eit strålande ver ute og det innbyr til ein trimtur, men diverre var temperaturen i morgontimane i det lågaste laget for ein gamal gubbe som då laut ta trimsykkelen fatt.
Det vart ein halv time før eg gjekk lei den gymnastikken, men eg hadde visst då sykla 6 km utan å ha rørt meg ein tomme framover i terrenget.

Her står plageånda og ventar på ny tur, men det kan eg lova vert ikkje før i morgon.
Slik spinning er noko av det mest keisame eg veit om. Kunne dei ikkje ha kopla maskina til ein generator som produserer straum så kunne me hatt ein TV framfor oss som fungerte på denne straumen, så kunne ma ha teke trimturen til dagsrevyen kvar dag?? Utan trim, ingen dagsrevy!
Nok om desse fantasiane.

Då temperarturen steig fekk eg endeleg skogsturen min.

Det var vakkert der ute i dag, og løypa var den same som alltid.

Løypa var fin og ubrukt.

Ikkje mykje snø var der, så det stakk opp plantar her og der.

I ettermiddag kjem det kanskje ei soge om ein gubbe som heitte Antonius, så kan de lura på kven det var, så lenge.