Novemberhymne 2020.


hentet fra Google.
Nokon tar han tydeligvis heilt ut mht juledekorasjoner i desse koronatider. Jaja. dei om det.
Litt lys og farge i adventstida livar i alle fall opp i høstmørket.
Til og med borte i kvithuset har dei teke seg råd til 5 – 6 juletre. Ho Melania må ha hatt ei travel tid med all pyntinga.
Hjelp frå gubben har ho i alle fall ikkje fått, oppteken som han er med å underkjenna det faktum at han vart kasta som president. No ser eg at han har fått 1,3 milliardar til å halda fram rettsakkjøret mot valresulrarer. Ja, dei amerikanarane…
Her heime vandrar vel Vedumen med nasa oppe i skyene etter å ha teke att Jonas på meiningsmålingane. Kvar skal dette ende, utafor EØS kanhende ?

Novemberhymne 2020.

November har vore treig for gubben
ordsnikringslysten har vore borte.
Det kjendes som «is i rubben»
og dagane vart alt for korte.
Men no er det dags å få opp farta,
jobben med novemberhymnet kan starta.

Han Jonas klaga på informasjon frå Erna
han sakna koronainfo til stortingssalen.
Men så glimra han med fråvær, AP-stjerna
då Erna møtte med koronatalen.
Jonas laut pleia veljarane i nord
før Trygve heilreinska hans veljarbord.

Eg kan ikkje sleppa koronaen i veg;
for i Bergen vart det stor brudulje
då smittevernlekjaren sa takk for seg
då ho vart henvist til koronaens fotpatrulje.
For mange store i beslutningssekken,
då laut spesialisten ut or «rekken».

I USA har dei vald ny president,
men den gamle vil ikkje forlata trona.
Han vil ikkje godta valet plent,
no sit han i kvithuset og pussar på «fjona».
Ei bølle har han vore og ei bølle vil han bli
yankeen skal takka for at han snart får fri.

Jula kom tidleg dette rare året,
midt i november  kom julestasen fram.
nissar og dverger reiv seg i håret,
men gubben fann fram ein tidleg juledram.
Me trong litt ljos i livet nett no,
i von om at jula ikkje «dett i do».
30.11.2020.M-m.

 

2 kommentarer
    1. 2020 var det året det var så bratt, men no er det lysning i tunnelen; coronavaksina er ikkje langt unna og Trumpens dagar på trona er snart over. Men no trugar han med å koma att i 2024; fri og bevare oss. So lenge omlag 50 prosent av veljarane stemmer på denne mannen, då kan alt skje.
      Kona trur at julegåvene skal koma frå Nettet i år, men då hadde ho ikkje rekna med Postnord. Pakkane blir sende både hit og dit og me ventar og ventar, og ingen kan fortelje kvar dei er. Advent har fått ein ekstra dimensjon i år.
      God advent!

      1. Eg har tenkt ¨avslutta dei månadlege hymnene i år, men alle krumspranga til Trumpen kan gjera det freistande å halda fram. me får sjå. Ja, kan du skjøna kva halvparten av amerikanarane tenkjer på som stemmer på den krabaten. Det må vera noko eg ikkje har fått med meg!
        Eg har ikkje dei same plagene med Postnord som du beskriv, men så har eg vel ikkje nytta tenestene deira så mykje heller. Her vert julegåvene distribuert vha born og borneborn. Du veit når eigne apostlar ikkje fungerer, då lyt ein ty til reserveløysingar.
        Ha ei god førjulstid.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg