Ein formasteleg tanke, eller …?

Jaja, me styrer og steller, ikkje minst styrer. Lover og forskrifter lyt me vel ha, men av og til kan det tykkjast å gå litt over stokk og stein. Slik det til dømes no kjem fram at barnehagar, friviljuge organisasjonar friviljuge lyt ha same skiringsrutiner som profesjonelle aktørar på sjøen. 
For å setja det på spissen, skal du ta med nokre ungar fra ein fritidsklubb ut i robåt for å læra dei å ro lyt du som leiar vera sertifisert og ha med redningsflåte, naudbluss, VHS og ha sikkerhetskurs.
Det seier seg sjølv at det kan verta langt mellom båtturane for ungane med slike krav. Då vert kanhende dei gamle båtvraka ein finn i ymse barnehagar opplæringsarenaen for den vaksande generasjonen.
Sjølvsagt skal ein ikkje slumsa med tryggleiken på sjøen, men ein lyt spørja seg om ikkje ein her er på spurvejakt med kanoner. Det fins snautt eit eksempel på ulukke for denne typen aktivitet etter det gamle regelverket. No skal det seiast at sjølve sjøfartsdirektoratet no skal sjå på sitt eige regelverk, men det kan ta vinter og vår…
Jaja, dette vart kanskje nokre formastelege tankar frå ein som er vaksen opp i robåten, og som kanskje nett difor burde halda kjeft.


Google. Vert dette den framtidige opplæringsarenaen i sjøvet?

Skal du organisera båttur for ungar
for å venja dei til sjøvett og båt.
Då vert du stogga av byråkratiske tunger
med reglar om korleis du skal fara åt.
Sjømannskap lærer du visst best på land
i ein barnehagebåt full av jord og sand.

Du lyt ha sertifikat og tryggingskurs
og båten lyt ha VHS og redningsflåte.
Nei, ikkje noko tull og kluss
når du skal læra borna å ro og skåte.
Det er viss enklast å halda seg på land
i ei barnehagebåtvrak med spade og spann.
28.12.2018.M-m.
 

2 kommentarer
    1. Eg trur byråkratane har mistolka Vinjes “Kunnskap skal styra rike og land”. Dei trur at kunnskap er det same som teori. Borna skal læra alt ved hjelp av nettbrett og tavle, og dersom resultat ututeblir, ja då er det meir lærarskule som skal til. No er dei vel oppe i 5 år for å bli lærar i barneskulen. Eg orkar ikkje trekke parallellen til mtt eige liv.
      Nyt den stille gode romjula,

    2. Pedro: Eg tykkjer at det går over stokk og stein i byråkratiet av og til, og det at ein lyt ha kystskippareksamen for å læra ungar å ro er vel i overkant. No ser det ut til at byråkratane er oppmerksam på galskapen slik at det vonleg kjem ei lita regelendring. Då kan barnehageborna gjerne få lov til å læra sjømannskap i det rette elementet og ikkje i bårvraket i barnehagen.
      Sjølv har eg nok med å ro meg i land av og til på heimefronten.
      Ha ei god helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg