Måjøyflua…

Når no sola står på sitt lågaste kan det vera greitt å minnast fine dagar ute på sjøen. Gode dagar, men også dagar som kan vera utfordrande.


 

Måjøyflua.

Du ligg der og skvalpar i sol og stille,
du er det aller ytste skjær.
I dag er værgudane snille,
vest for eit gamalt fiskevær.

Eg sit der og fiskar attmed skjæret.
No er det småseien som bit.
Eg nyt sola, sjøen og været.
I dag er livet slett ikke eit slit.

Måsen søm roleg rundt båten.
Han ventar på sin dagsrasjon.
Ventar på avfall frå fiskeflåten.
Han er kystens renovasjon.

Eg er i natura sitt store under,
kor verskiftet kjem frå dag til dag.
I går var både storsjø og dunder,
og skumsprøyt i høge himmeljag.

Måjøyflua kan læra oss dette,
ein dag i stille, den neste i storm.
Dagar med storsjø, og andre lette,
som livet sin varierande form.

Reis ikkje ut i den sterkaste stormen,
det er ikkje sikkert at båten ber.
Du skal ikkje overvurdera formen,
og kvifor skal då nett du vera der?

01.05.2011.M-m.


Illustrasjonen med diktet har gutten i baugen av båten utført. 

4 kommentarer
    1. Du er jammen flink å formulera deg. Kjekt du skriv og dikta om Måjøybøen slike navn huska eg gått, men den tiden er forbi no er det berre minnene som lever.

    2. Astrid heggøy: Ja, slik er det nok Astrid, men eg synes det er kjekt å minnast den tida ein var i stand til å koma seg ut i skjæra. Hyggeleg at du kommenterte, takk for det. Ha ein fin kveld.

    3. Då eg såg bildet på toppen tenkte eg: no har han vore ute etter juletorsken, men så openberra det seg dette flotte diktet i to variantar. Etter å ha lese det dukka det opp gamle minne frå barneåra. Turane med bestefar og dorga om sumarkveldane sit som spikra, sjølv om det er 70 år sidan. I dag har eg problem med å hugsa kor eg gjorde av brillene.
      Har du forklaring på namnet Måjøyflua?

    4. Pedro: Ja, det var nok litt nostalgi som tok meg og då eg skreiv rimet ned, det vert lengre og lengre tid mellom turane ut på fluene no, diverre.
      Apropos briller, du får gjera som meg. Eg har fire – fem par som ligg på strategiske stader og i lommer, i bilen etc. Men du bruker vel dyrare briller enn mine “Nillereiskaper”.
      Eg veit ikkje kva namnet Måjøy kjem av, så der lyt det nok litt forskning til.
      God førjulstid.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg