Novemberhymne 2018.

Det vert eit litt begrensa månadsoversyn i november. Gubben får skulda på alder og fråvær frå kongeriket. Utfordringane har likevel stått i kø, både for regjering, KrF og sjøforsvar. Som om ikkje det var nok kom Jonas no på tampen av månaden, i politisk kvarter til å snakka litt romsleg om Erna sitt demokratiske sinnelag, og då såg sjølvsagt revolusjonspartiet raudt raudt.
Me får la dei politiske skodespelarane summa seg litt, så fell nok etterkvart fargenyansane på plass att. Her er i alle høve nokre tankar rundt eit par hendingar denne månaden,


Google

Novemberhymne 2018.

Han Knut Arild vann ikkje fram,
bibelbeltet vart visst hans bane.
Det var for få som skifta fargeham
så no gjeld den lyseblå fane.
Det skal tingast med Trine, Erna og Siv
om eit nytt regjeringsalternativ.

Så er visst budsjettet kome i hamn,
med eit splitta og utarma KrF.
Robstad sit smilande på Ernas fang
medan Frp kjem med iltre bjeff.
Det vart visst for mange kamelar å sluka,
for Tybring Gjedde vil no stengja luka.

No har forsvaret forlist ein fregatt,
fire milliardar vert visst tapet.
Hendinga fann stad i svartaste natt,
men kva hende  der ytst i havgapet?
Me skal ikkje spekulera for mykje om det,
men årsakene lyt fram før folk gjev fred.

Trist er det at båten gjekk ned,
eit av marinens stoltaste kort.
Men me er inderleg glad for det,
at ingen tapte liv, det kunne skjedd fort.
Og tenk om all olja skulle hamna over bord
og forgifta vår kyst frå sør til nord.

November er også tida for  varmen,
den årlege turen til palmeland.
God terapi for den skrantande barmen
med sol og ei lokkande badestrand.
Litt fri frå mediaverda gjer sjela godt,
oss to i varme og sol er framleis flott.
30.11.2018.M-m.

 

8 kommentarer
    1. ja dette året har bestått av masse rot ,bråk og tull i regjeringen,nesten så jeg ikke stemmer på noen lengre .
      Tur til palmenes land høres deilig ut,godt å komme bort litt og bare nyte livet ,ha en fin dag

    2. fruensvilje.blogg .no: Ja, ho Erna har fått rotet det til rundt seg, så det er ikke sikkert hva retning det går.. Jeg er slett ikke sikker på om et ekteskap med KrF vil gjøre veien framover lettere. Det blir nok mye staurbæring framover.
      Ellers var turen til palmeland et godt avbrekk på høsten..
      God helg.

    3. Jeg synes ikke det virker som om alderen påvirker den skarpe pennen i negativ retning alle fall! Godt å kunne rømme Gråværslandet sammen med sin kjære nå i mørketida!

    4. karidansen: Ja, den turen gjorde godt for både skrott og sjel, så den planlegges gjentatt til våren.
      Ellers er det hyggelig at du tydeligvis finner deg godt til rette i tigerstaden.

    5. Det positive med månadsskiftet er diktet ditt, det negative er at me går inn i stressmånaden. Dette vert slitsamt, i alle fall dersom ein skal få med seg både fotball og ski innimellom alt ståket i huset. Det positive i fregattsaka må vera at ein fekk testa dei vasstette skota; tenk om ein måtte ut i krigen med desse baljene, det kunne blitt Titanic II. Lev vel i vest!

    6. Takk for et kjempeflott dikt! Du kan få sagt det, som vanlig! Nei vi stresser ikke denne tida, gjør vi vel det? Hils kona og senk skuldrene! Riktig god advent!

    7. Pedro: Huff ja, noen må sikkert gremmes nå, og atter andre har vel glemt hva som sto i ABC-boka fra førsteklassen. Lær bokstavene før du lærer teksten, og her skorter det tydeligvis på både bokstaver og tekst.
      Så køyrde dei “sjølvsøkkja” si rett på landet dei trudde dei såg framføre baugen, men diverre var det ankerfestet til ein tankbåt. Nokon har eit forklåringsproblem vil eg tru.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg