Hald kjeft…

…kan vel av og til vera det beste, eller i det minste kan du vel passa på kva du seier og kvar du seier det.
Eg undres om ikkje ho Erna, som eg held som ein god og jordnær statsminister, rodde seg vel langt ut på seigrunnen då ho opna for endringar i abortlova. Antakeleg for å tekkja seg eit KrF som truleg ynskjer bort heile lova. No er det full fyr i “rosenes leir”, og den skjøre våpenkvila som var lagd over lova er no broten. Regjeringsmakt er viktig, tenk over kva du seier, så du ikkje brått seier det du tenkjer.
Var det ikkje betre å fara litt stillare i dørene på vegen inn til denne lova Erna? Eg berre spør.

Så har Paus og Nordhaug (biskopen) rota det til under ein konsert i Bergen Domkyrkje. Pausen har rett og slett banna i kyrkja så det song (for det var det han eigentleg skulle gjera) då han spreidde ædder og galde over politikarar, spesielt frå FrP. Her hagla ord som horekunde, valdsmann og bedragar over politikarane. Nordhaug sat med falda hender og let utgytinga fortsetja. Rett nok gav han ikkje artisten applaus for ordbruken, men han burde ha vorte stogga. Kyrkja og politisk propaganda høyrer ikkje saman.
Kanskje ein annan stad og ein annan anledning Paus.
 


Google.
Ein heilt annan anledning fekk denne gubben som antakeleg berre tadde to tankar i hovudet, øl og kjeften frå kjerringa.
Ha ein verbal dag.
 

4 kommentarer
    1. Den politiske røra vi no ser fins det inga god løysing på, og det hadde det ikkje gjort om Krf hadde hamne på venstresida heller. Det skal stor politikarkunst for å ro dette i hamn. Eg er spent på utfallet.
      Så har vi tema nr. 2; Ole Paus og presten. Det er noko som heiter “Rett mann på rett plass”, men her trur eg heller det høver med “Gal mann på feil plass”.
      Elles er vel du i full gang med å ause opp gratis diesel. Høyrde det skulle vera om lag 10.000 tonn som ligg og skvalpar i fjøresteinane ute i Øygarden. Og så må du ha ei riktig god helg!

    2. Pedro: Ja, forstå det dei som kan…Kollisjonen i ei av landets best kontrollerte båtleider. Eg er spent på årsaka. Eg trur at Noreg kan prisa seg lukkeleg for at det ikkje var tankaren som sprong lekk.
      I politikk og religion, og i blandinga av desse kan me vel også venta oss litt av kvart i tida frametter. Fylg med – fylg med.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg