Let the game begin…


Google.

Eg undres på om det var slik han tenkte formannen i KrF då han lanserte sitt nye politiske manifest ved å gjeva ut boka «Det som betyr noe». Få dagar etterpå stadfesta han sin politiske 180-graders sving med talen til landsmøtet.
No skal KrF venda seg mot dei raude, årsaka til det fins visst i at FrP og spesielt Listhaug har slengt så mykje skit om seg mot både partiet og formannen.
Men det er visst ikkje heilt greitt på den raude  sida heller for SV skal heller  ikkje takast inn i varmen.

No er så striden i gong i KrF. Her ser om lag halvparten raudt og halvparten blått, og strid og kiv går både høgt og lågt i minipartiet. Den andre november fell domen. Vert det formannen eller nestformennene som glisar mest i TV-ruta når avstemminga er over. Me er spent.

Men kva er det som skjer i dei andre partia, er ikkje dei ute med gode agnbeiter til KrF.
Vel, fyrst og fremst sit ytterfløyane heilt stilt i båten no. Korkje SV eller FrP ser ut til å ha interesse av å terga på seg KrF i desse tider. Unntaket er Listhaug som lanserer bannbullboka si»Der andre tier» i desse dagar, men det er vel ikkje noko anna å venta frå den kanten. Ho tier ikkje mykje den «tøtto».

Erna lokkar med ny abortvurdering og så skal visst KrF få så mange K-ar dei ynskjer i RL-faget sitt.
Jonas sit også stilt i båten. Han ventar nok på vitjing til kaffislabberas I formannens barndomsheim på Bømlo. Dette slabberaset har vore Erna til del dei siste åra, men bømlingen vil  visst ikkje ha henne til kaffibordet sitt lengre.

Kor dette skal gå veit ikkje gubben, og det trur han at han ikkje er åleine om. Men det er tankevekkjande at eit lite miniparti kan rota til det politiske landskapet slik KrF no gjer.
At det er sett i gong eit politisk spel kan me ikkje tvila på, og dette spelet gjev i alle høve gubben til å fundera over  kva som «betyr noe».  Er det politikk eller er det maktkampen, eller er det rett og slett ein fortvilt kamp om å overleva i det politiske landskapet.
Ordet politikarforakt ligg og ulmar i eit gamalt hovud.
25.10.2014.M-m.

2 kommentarer
    1. “Fred er ei det beste, men at man noget vil”. Freden er forlengst brutt, og mange vil både det ene og det andre. En ting er sikkert; det blir dårlig med julefred både for ateister og religiøse. Hvis Hareide er heldig kan han få en kortvarig gevinst, men det kommer et nytt stortingsvalg, og da kan det gå som det gikk for Venstre da de sprakk. De gikk fra 13 representanter til null, de fikk en tung vei tilbake, og kom da kraftig redusert. Med sine 4 % oppslutnng kan vel ikke KrF bli så mye mindre.

    2. Pedro: Eg undres på kor gjennomtenkt dette sjakktrekket til Hareide er. Eg sit også og tenkjer på venstre si vanskjebne, dette kan fort verta endå verre. Folket i landet vårt vert meir og meir sekulært, og det borgar ikkje nett på større oppslutning for eit KrF i oppløysing.
      Forresten, i dag fekk KrF sterk støtte frå ein av sine argaste politiske uvener idet SV støtta KrF sitt framlegg om å auka barnetrygda. Jau, dette vert morro.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg