Septemberhymne ++.

Dette septemberhymnet vart kortare enn det kunne ha vore, og det er sikkert dei få lesarane mine glade for. Inspirasjonen har ikkje vore heilt der oppe denne månaden. Forresten, det 4. verset i hymnet vart skrive før Hareiden hadde i seg ei heil flaske Møllers tran og konverterte til den raude sida i politikken Den karen har sanneleg “ballar”! No står det berre att å sjå korleis fotfolket hans tar det, dei fleste sette antakeleg trandosen sin i halsen då dei høyrde på talen. Han Jonas smilte og verka svært nøgd medan Erna framleis held perleporten på vidt gap. Me går ein spanande politisk haust i møte folkens.

Karen på biletet under skjemde seg godt ut på dansegolvet. Han må ha teke så mange tranflasker at han ikkje hugsa kva tevling han var med i. Konkurransen galdt ikkje utstyrssjekk Frank, det var dans som var tema. Biletet syner forresten kor “glad” dansepartnaren var for valet ditt av antrekk.


Google.

Septemberhymne 2018.

Svenskane slit med hovudverk
etter sitt siste folketingsval.
Sverigedemokratarna er noko herk
for ingen vil drikka av deiras gral.
Ingen vil dei ha dei med i regjeringa si,
korkje  konservative eller sosialdemokrati.

I Bergen rådhus vart det panikk
for huset sto på vaklande føter.
No fekk politikk vera politikk
Dei tilsette laut avslutta jobb og møter.
Eg trur dei aldri hadde høyrt dette før.:
«Ta PC-en med deg og kom deg på dør».

No greidde ikkje TV-2 å halda seg lenger,
Dei laut visa ein klovn i boratdrakt.
Ja, kva gjer ein ikkje for reklamepenger
og kva sel då betre enn Adams «prakt».
Ein laurdagskveld med fest og glans
vart utskjemt med ein ufin boratdans.

Krf slit visst skikkeleg no om dagen,
Dei er ikkje einige om fargen på drakta.
For dei misliker sterkt partiet til Hagen,
så skal no raudfargen føra dei til makta?
Han Knut Arild har rota seg inn i uføre.
Vel han Erna eller vert det Jonas Gahr Støre.

Så er haustmørkret over oss att.
Storm og regn står ofte på menyen.
Me hugsar  tropesumaren me har hatt
og nytte han både på hytta og i byen.
Båten er landssett og hytta er låst
så no er me klar for litt snø og frost.
30.09.2018.M-m.


Regn og storm har det vore  store mengder av sidan sumaren gjekk til køys. Regnbogen på biletet kan illustrera nedbørsrekorden me fekk for dei to siste månadene. Det vart i alle høve fort slutt på vassparinga. God haust i kongeriket!

8 kommentarer
    1. Sjøl om jeg ikke følger så godt med i politikken, så koser jeg meg med disse hymnene dine! “Oppmerksomhet for enhver pris” kan en vel kalle stuntet til Løke. Bare flaut og dumt…

    2. karidansen: Ja, Løkes eksponeringsbehov kan vi godt være spart for, da må jeg innrømme at jeg har mer sans for Lothepus og hans spillopper.
      En gammel gubbe har i grunnen god tid til å fange opp våre politiske travere som ofte utfolder seg i fri dressur, og noe av det inspirerer til et rim eller to. Hyggelig at du liker det.
      Ha en fin dag.

    3. Kjekt med nokre aktuelle vers får den nære fortid. Svenskane må nok til med eit nytt val, så der får me nok meir å undrast over. Det står ikkje bra til med byggekunsten for tida; hjå dykk er det rådhuset som er utrygt, og her er det skulen til barnebarna våre som måtte tømast i all hast. Han vart bygd i 2005, og no sklir han på leiregrunn. Hareide slit med å finna nokon å leika saman med; ikkje toler han FRP og ikkje likar han SV. Han ville vel helst styrt åleine, men med 4 % oppslutnig er vel i mnste laget. God helg (og godt ver)!

    4. Pedro: Nei, Hareiden er det ikkje synd på, han kan venda auget oppover, der finn han nok trøyst. Eg trur mest at Krf ikkje har fått med seg all venstregymnastikken oppetter i tidene. Var det ikkje i 1972 at partiet vart splitta etter indre krangel om EF.
      Eg er redd det ikkje går betre med Krf no.
      Men det spikjande galne er at eit lite miniparti kan valsa rundt med hovudlinene i politikken, men det er visst det som vert kalla demokrati.
      Forresten kjekt at du er på lufta att etter internethavariet. Nei, den digitale verda er ikkje god å skjøna seg på. Det var nok enklare då tabulatoren, D-3-en og PRD-en fekk rå grunnen i dataverda.Det var tider det!
      Ha ein framifrå digital dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg