Junihymne 2018…


Google.
Denne månaden har bydd på litt av kvart.
Fyrst og fremst er det vel det overraskande møtet  som fann stad i Singapore og som gav verda visse voner om at vit, og ikkje dumskap og beisk retorikk tonesett av raketthyl og bombesmellar kan verta avløyst av forhandlingar og avspenning. Me får venta, vona, og sjå.
Så har NRK gjennomført ei ny minutt for minuttsending. Denne gongen med framføring av Edvard Griegs samla toneproduksjon. Gubben fekk med seg mykje vakker musikk dei 30 timane programmet varde, og A-mollkonserten vart eit høgdepunkt.
Elles har vel mange av oss vore klistra til TV-ruta både dagar og kveldar. Fotball-VM kunne ikkje gå “hus forbi”, heller ikkje i gubben si TV-rute.
Byråkrati og misoppfatta miljøvern (det gjeld ikkje heliumballongane, sjå nedanfor) har også vore innom tankane til gubben denne månaden. De får sjå gjennom hymnet.
FORRESTEN, ei sak som har dukka opp i media dei siste dagane er at overskytande HVP-vaksine (mot livmorhalskreft) likevel ikkje skal delast ut til rusavhengige og andre svake grupper. Årsaka skal vissnok vera at dei har skifta til eit nytt vaksinemerke og då seier reglane at den “gamle” vaksinen må destuerast. Dette er å setja byråkrati framfor liv og helse! No må nokon ta til vitet!

Junihymne 2018.

Vidgjetne handtrykk, det er greitt
før eit underleg brushanemøte.
Store ord og fleskefeitt
når dei skulle fredssokkene spøte.
Men vart verda ein fredelegare stad?
Me ynskjer alle at det skal verta bra.

Men kva kom ut av seansen,
mange vil hevda, tomme ord.
Frp greip så den fyrste sjansen
å duka for Trump eit fredsprisbord.
Eg trur det er klokt med litt is i magen.
Vent til fredsrøyndomen kjem for dagen.

Har miljøtanken gått heilt gale
no som fullgode bilar vert vraka?
Rett nok har dieselbileigaren det «bale»,
men tener verkjeleg vrakinga miljøsaka?
For kvar bil som vert skrota i bygd og by
lyt det faktisk oftast byggjast ein ny.

Så har me feira Edvard Grieg.
Heile haans livsverk ute til pynt.
Hans A-mollkonsert var mektig og digg
Dovregubbens hall og tonar til Peer Gynt.
Takk til NRK for fantastiske stunder
med norsk musikk som aldri går under.

Er du sjuk så du misser «lappen»,
og lyt levera inn førarkortet ditt.
Gå då til politiet på raude rappen
og saka ordnest raskt og ekspeditt.
Når du er autorisert til å få lappen att
tek det vekevis før du sit bak ditt ratt.

Kva er så årsaka til denne barriere?
Du kjenner vel ordet byråkrati.
Framfor fire instansar må du passere
og alle har si saksbehandlingstid.
Er arka avkrossa feil, ingen pardong,
og runden lyt takast enno ein gong.

Heliumballongar har no vorte fy,
det skjøner me eigentleg godt.
Største sjukehuset i Bergen by
tykte forbodet  var klokt og godt.
Men sjukehuskiosken, kva gjer så dei?
Jau, sel heliumballongar «i vilden vei».
30.06.2018.M-m.


En liten peonblomst fra hagen hilser sommeren.

4 kommentarer
    1. Tusen takk for kjempefin junihymne! Nå får vi ta juli steg for steg også. Nå kommer vel varmen sigende til Ålesund kan jeg tenke. Allerede midtuke, men kos deg likevel!

    2. Mimremor: Takk skal du ha. Endelig en kommentar på hymnet. Jeg trodde helst at ingen leste eller likte skribleriene mine lengre.
      Ellers er sommeren på topp selv om nordavinden sørger for kjøling. Ha en fin kveld.

    3. Forhala nordvestover i helga, frå 28 til 14 grader. Berre denne nordavinden kunne ta ein pause. Du har atter ein gong gjeve oss den nære historia, fint formulert som vanleg. Elles ligg du vel og ventar på lagelig sjøver, det vil vera eit nederlag å gå til Findus og kjøpa fiskekaker. Skitt fiske, og god sumar!

    4. Pedro: Det ante meg at du hadde gjort vestlending av deg siden jeg lenge savnet dine gode kommentarer til mitt junihymne. Nordavind har vi for øvrig bra med her også, så båten ligger for tiden godt fortøyd, og canossagangen til butikken etter “God gammeldags fiskegrateng” er for lengst unnagjort.
      Nei, nå blir det bare godversfiske i flau vind og over 20 grader. Det går nedover med de gamle guder!
      Du må ha lykke til med dine ønsker om mindre nordavind, og ha en god sommer i havgapet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg