I dag….


Google.

…som me endeleg kjenner at sumaren har lagt seg over “Vestland”, me får venna oss til det nyvedtekne fylkesnamnet, er det endeleg klima for eit lite blogginnlegg. Borte er den uvande sumaren med tørke og sydenvarme i over ein månad. Borte er forbod mot grilling og lauslivnad i skog og mark, og borte er dødsangsten i matsentra våre mot å brenna inne med all den opp-prisa grillmaten. Vårherre sørgde for at dei ikkje trong å flytta grillbeina sine over i “utgått-på-dato” – hylla si.
Borte er også adonisar og badenymfer frå badestrender i bygd og by.
No er me heldigvis attende til til den vanlege klimakjensla på denne tida – nordavind, regnbyger og 10-12 grader. Eg har ofte saqt at temperaturen jonsokafta og juleafta er om lag den same her hjå oss, mellom 8 og 10 grader. Det ser ut for at den statistikken vert innfridd i år også.
No er det berre å finna fram ullbroka, paraplyen og billigbiffen og gå ut på terrassen og fyra opp grillvidunderet å koma i gong med den vestlandske sumaren.
Du er trygg på at politi og brannvakter held seg borte i dette veret.

Det var då pessimistiske tonar nå som sumaren renn ned over oss. Nei, me er van med dette veromslaget når skulane sluttar og fellesferien stundar til. Like sikkert er det at når skulen tek til at i august og når dei fleste er attende ved arbeidspulten sin, ja då er sumaren også attende.
God sumar!

10 kommentarer
    1. he he ,men da var det jammen godt vi fikk en hel måned med sydensommer :=) dere fikk faktisk litt mer enn oss :=) så lever vi på det nå som vinden uler ute,men er lov å krysse fingrane for en fin fellesferie da,vi tar bobilen og håper att vi tar med sola og varmen også,ha en fin helg

    2. fruensvilje.blogg .no: jada, det bedrer seg nok,,,Måtte bare få det ut…
      Bobil er sikkert en fin måte å feriere på, så dere må ha god tur og en fin ferie!

    3. Jeg håper den spådde varmen kommer til Ålesund også nå i helga! Men kos deg/dere med grillmat og nogo attåt denne jonsok`n! Nå roper vi på sommern så kommern!

    4. Du har så rett så rett. I den korte sydeninspirerte sommaren me hadde, kan eg ikkje fri meg for at på dei varmaste dagane ba eg om pittelitt kulde, men det haldt eg for meg sjøl.

    5. Oldemorbloggen: Ja, det er uvand med 30 grader her vest, Og varmegradene tykkjer eg kjens heitare her enn søraføre Sinsekrossen, som dei seier. No ser eg berre fram til at nordavinden spaknar litt, for ti grader på denne tida kan me godt klaga på.
      God sumar i sørfylket.

    6. Det aner meg at gubben ikke er fullt så pessimistisk som det kan se ut til. Aner en viss humoristisk undertone i all pessimismen… Jeg kjøpte bikinier (Fjorårsmodeller til halv pris må vite) i dag. Jeg satser på at sommeren kommer tilbake ganske snart. Nyter dessuten at det har kommet såpass mye nedbør at det ikke er overhengende fare for skogbrann og totalt uttørkede åkre og beiter mer. 🙂

    7. karidansen: Neida, gubben står’han nok av mht sommerværet, og ettermiddagen i dag var helt perfekt i så måte – sol og en kald på terrassen. Når du har kjøpt to bikinier i dag tyder det også på optimismen florerer i og rundt deg.
      Det blir sommer igjen i år også.
      Den må du sørge for å nyte.

    8. Om dagen kunne eg gjerne hatt nokre grader meir, men du verda så godt eg søv om natta. Der eg kjem frå vart det sagt at folket ikkje var verd å få finever; dei hadde ikkje tid til å nyta det likevel. Når det er turrver klagar bøndene, når det er regnver klagar turistane, og Vårherre veit ikkje si arme råd når han skal ordne med veret. Dette er ikkje enkelt. Eg ser fram til september, min favoritmånad. Hugs at no har sola snudd.

    9. Pedro: Eg skjøner at vårherre for tida slit med å velja det rette veret, men det får vera hans utfordring. Tenk om finveret hadde halde fram til no. Det hadde vorte jonsokfeiring utan bål og utan pølsegrilling, det hadde gått med mykje øl for å kompensera for det saknet.
      Her vert det ein skoddefull kveld, men me feirer med rommegraut og spekamat, så kan det vel verta ein liten knert attåt, men berre ein!
      Du får ha ei gild jonsokafta, og hent opp ein årgong frå lageret i kjellaren

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg