Askeavkok m.m.

Hin dagen fann eg ein artig karrikatur på FB, og då vart freistinga for stor. Eg laut skribla ned eit lite rim.

Gamalt avkok.

Høyrt om askeavkokstida,
då askeskogane laut lida?
Då trea vart kokt til askesupe
og litervis for ned kvar ein strupe

No skulle lekjast giktbrotne bein,
magen skulle ikkje meir vera klein.
Kallen skulle no kunna fyra opp stasen.
og brått kunne verta den gamle basen.

Men då kjerringa hadde inspeksjon
var det ingen teikn til ereksjon
for utstyret hang der enno til tørk
Avkoket hans kom frå hengjebjørk.
07.06.2018.M-m.

2 kommentarer
    1. I desse tørketider er det mange som klagar, spesielt bøndene. Men som vi ser var det tørke i gamle dagar også. Hetland løyste sin del av oppgåva, men den frittalande Leirfall våga ikkje. Kanskje ein skulle freiste med litt askeavkok, det kan ikkje skade.
      Velkomen attende til fedrelandet, som snart skal få sin porsjon friskt vatn.

    2. Pedro: Dewt var tida då det tåldes litt humor i løvehola. Røyseland og Leirfall heldt liv i forsamlinga, og jamen greidde dei å handtera politikken då og. Det var dei som la grunnlaget for velstanden vår.
      Har du forresten høyrt då Claudia Olsen stilte eit spørsmål til ein av statsrådane, og då ho ikkje likte svaret gjekk ho opp på talarstolen og sa,; “Eg kan ikkje seia at statsråden tilfredsstilte meg, og eg stiller difor dette tilleggsspørsmålet…….”. På vegen ned frå talarstolen kviskra Leirfall henne i øyret,; “Du får freista ein annan av statsrådane då Claudia”. Huff, dette kvalifiserer vel til “Me Too” – etterrøkjhing i dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg