Februarhymne 2018.


Google.
Det har skjedd ein del i februar som eg ikkje kunne halda tastaturet borte frå. Fyrst sende Musk ein Tesla til himmels. Vonar Vårherre ikkje har køyrt seg i hel enno. Så har Trumpen visst tenkt å syna penisforlengaren sin til “The Rocketman”, då han vil halda ein stor millitærparade på Pennsylvania Avenue.
Olemikken slit visst med postomberinga i løvehola. Difor har han sett seg nøydd til å byggja nytt postkontor med tilhøyrande underjordiske tilkomstvegar til den nette sum av 2,3 milliardar. Ikkje rart at portoprisane stig. Gubben har heller ikkje gløymt OL-feiringa.

Februarhymne 2018.

At Tesla skal vera ein signa bil
det har lenge vore kjent.
No er han send til himmels med stil,
eg tenkjer Vårherre ventar spent
Musk sende bilen på tur rundt sola
bak rattet ei dukke, og kanskje litt Cola.

Trumpen slit med reiskapen sin,
han skal synast på Pennsylvania Avenue.
I Moskva sit sikkert Putin og grin.
Kva kan 1.mai på Raudeplassen by?
Kvifor skal det synast fram kuler og krutt?
Eg hadde vona at våpenparadar var slutt.

I Junaiten er porno til skade for helsa,
og då vert det sjølvsagt forbod mot den.
Der skal dei mot all ulivnad verte «frelsa»,
men kva med styrlause, våpenføre menn.
Jau, då vert det slik bort?i cowboyland;
Nei til porno, men våpen til alle mann!

Stortinget byggjer tunell og postkontor,
og det skal visst verta gromme saker.
Det dyraste postkontoret på vår jord,
2,3 milliardar, og løvehola skaker.
Jau, du greidde det, gjevaste Olemic.
Gav ny meining til ordet: Post-i-butikk.

Så er det OL med futt og smell
og med skulding om dopingjuks.
For russarane vart det tidleg kveld.
Dei kunne gøyma sin smørjingsvoks.
Der var dopinga sett i statleg system,
og Putin fekk då eit forklåringsproblem.

Bergen og Håvard tok olympisk gull.
På skeiser, mest ikkje til å tru.
I byen som jamnast er regværsfull
kor austlendingen snautt nok vil bu.
Hardnakka trening i  «sløsj» og søle.
Gullet i boks, tok han utan å nøle.
28.02.2018.M-m.

 

2 kommentarer
    1. Du gjev oss atter ei gong eit godt tidsbilde; positive og negative hendingar i blanding. Eg sit berre og gruvar for korleis stortinget skal tette byggesprekken, eg får sikkert vera med på spleiselaget, kanskje med porto på E-post. Men inntil vidare får eg passa på å ha brød i hus, sirkuset har eg rundt meg på alle kantar. Takk for februar, og ha ein varmare og fin mars.

    2. Pedro: Takk for hyggjeleg kommentar. Det er snart berre du som responderer på skribleria mine, det er eg takksam for. Det er framleis slik at eg triggar på rare og løgjelege utspel frå denne og hin i politikk og samfunnsliv, og då får det bli som det blir.
      Når vårmånaden tek til med ny kulderekord i Bergen vonar eg at krokusen gjer som meg – held seg borte frå kulda, eg innomhus og krokusen under torva.
      Du må ha ein gild dag i peiskroken.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg