Har du dieselbil…


Google.

…Då vil eg berre åtvara deg. Den kan verta både dyrare å drifta samstundes som verdien fell med titusenvis. Det er alminnenleg kjend at frå å vera ein miljøfrelsar som folk vart lokka til å skaffa seg for nokre år sidan har den no vorte ein mijøversting. Dei same som lurde oss til å skaffa oss ein dieselbil er no i gong med å tvinga oss til å avhenda denne bilen. På kva måte. Jau, auka avgifter bl a på brennstoff, ekstra bomsatsar for dieselbilar og køyrerestriksjonar etc gjer at verdien på dieselbilen fell som ein stein.
Sjølvsagt skal me tenkja på miljøet, men det må då vera mogeleg å trappa ned forureininga ved naturlege utskiftingar av bilparken i staden for å påtvinga folk store utgifter, verditap og køyrerestriksjonar på ein bruksgjenstand som som me vart “lurd”  til å anskaffa, og som i alle høve vil vera på vegen til den er utsliten.
Å kondemnera ein full brukbar bil antek eg vil strida mot mange sitt syn på miljøvern. La oss få køyra dieselbilen vår til han er utsliten og  behald gulrota når me skal skaffa oss ny doning. Då trur eg at utskifting til meir miljøvennleg drift vil koma av seg sjølv.
I denne verda må me ikkje gløyma at landet vårt pumpar opp olje og gass til heile Europa, og det er, stort sett dei same som vil strupa vår bilbruk som gler seg over oljeinntektene. Men fakta er. Det me pumpar opp av olje frå havbotnen vert brend ein stad i verda, og kva hjelper det kloden om olja vår forureiner i EU i staden for her i steinrøysa?
Så attende til åtvaringa til dieselbileigarane. I desse dagar sit det tre mektige kvinner og forhandlar om utviding av regjeringa. Eit av desse partia fryktar eg vil sjå det som ei hovudsak å gjera livet til diesebilistane uuthaldeleg avgiftssurt. Eg frys på ryggen av tanken på at dette partiet skal koma inn i regjering.
Dette innlegget må betraktast som ei helsing frå ein som allreide er “stuck” med dieselbilen sin avdi den no har falle så mykje i verdi at innbyte til ein meir miljøvenleg doning  vil vera heilt uaktuelt reint økonomisk. Dessutan, om gubben hadde skifta bilen sin ut, ville bilen utvilsamt kome ut på vegen att og framleis forpesta miljøet til han ein gong i framtida hamna på bilkyrkjegarden.
Kven hadde tent på den “transaksjonen”? Jau, det hadde vore statskassa som hadde nytt godt av avgiftsbelastninga. For miljøet hadde det ikkje gjort noka skilnad. Så enkelt der det reknestykkjet.

Dette innlegget vart skrive før me visste om det vart ei utviding av regjeringa. No veit me resulatatet. Ny regjering vert det, og forhandlingsresultatet vart presentert i går kveld. Eit av dei mest konkrete tiltaka i regjeringserklæringa vart, som frykta; intensjon om ein ny omdreiing på avgiftsskruen for dei siste åras “prygelknabe”, dieselbilen. Me kan vel snart seia at denne bilen nå er nærast teppebomba med avgifter og restriksjonar. Jaja, eg forutset no at dei som no vil fylla statskassa med avgifter på nett denne bilen også no kan fortelja oss den konkrete miljøvinsten ved det avgiftsregimet den er underlagt. Eg ser fram til det svaret.
Elles må eg sjøvsagt ynskja ho Erna lukke til med staurberinga ho har i vente.

8 kommentarer
    1. Som vanlig – godt skrevet. Joda – ho Grande ser ut til å ha fått det til. Dyrere diesel og kverke hodene av pelsdyr, blant annet. Vi får bare håpe at han Knut Arild våkner og lager mer uorden i staurene til ho Erna.
      Men den politiske situasjonen er uoversiktlig for tiden.

    2. Broder’n i øst: Det siste har du helt rett i. Mange partier er så opptatt med “MeToo”-oppryddingen at det blir lite anledning til å bedrive politikk, men det kommer de vel over etter hvert.
      Ja, Erna og staurbering – der blir nok utfordringer der i gården. Du vet når de tolker innvandringspolitikken i regjeringsavtalen på hver sin måte så skal det ikke bli lett å styre gemyttene…og politikken…Men okke som alt er —Listhaug ruler.

    3. I land som f.eks. Storbritannia og USA er diesel dyrere enn bensin. Det ville den også vært i Norge, dersom staten ikke hadde gått inn med subsidier. Miljøproblemene er det altså staten som har ansvaret for. Nå har staten gått inn med kjempesubsidier for å få folk til å kjøpe EL-biler. I tillegg har EL-bilene blitt fritatt for massevis av avgifter, og her i Oslo skaper de store problemer for de øvrige trafikanter ned sin gratisparkering. Batteriene vil også by på et problem den dag bilene skal skrapes. Politikere skal få mer enn nok å rydde opp i på sikt.

    4. Pedro: Det siste er jeg enig med deg i. Når det gjelder avgift og restriksjonspolitikken for fossilbiler vil det imidlertid være slik at disse bilene uansett vil forbli på veien i sjn tekniske levetid. Derfor vil den ekstra avgiftsbelastningen kun gi inntekt i statskassa, ikke gi en renere luft. I alle fall tror jeg det ville bli marginalt.

    5. Godt innlegg! Jeg er i samme bås som deg. Kjører dieselbil. Uansett om det ikke hadde blitt avgiftsøkning, så har jeg vært sikker på en ting : Min neste bil blir enten el – bil eller hybrid. Jeg er helt avhengig av tilgang på motorvarmer. Ellers starter ikke bilen om kvikksølvet kryper under 10 kuldegrader og bilen har stått ett døgn. Sånn er det, og det hindrer meg litt i å farte – f. eks å sette igjen bilen på en togstasjon uten tilgang på motorvarmer.

    6. her i heimen er det mannen som styrer bilparken vi har to diselbiler bobilen er den eine og en splitter nu Volvo,han viste att diselbilane stod i fare men noe annet var uansett ikke aktuelt for ham å kjøpe ,så får vi se da hvor mange år vi kan ha diselbilane våre :=)
      tror det er mye annet på kloden vår som forurenser like mye som heller kunne vært tatt tak i

    7. fruensvilje.blogg .no: Ja, og om noen andre kjøper vår dieselbil dersom vi kjøper EL-bil vil den fremdeles “forurense” like mye med sin nye eier.
      Nei, politikk er visst ikke enkelt!

    8. karidansen: Ja, det blir nok EL-bil neste gang, men der har du kanskje et handicap pga kalde vintre og dårligere batterkapasitet i kulda. Derfor er kanskje hybrid best på dine trakter.
      Vel, når det gjelder bilbruk er kanskje regn å foretrekke framfor kulde, og regn har vi nok av her vest.
      Vi får holde oss til dieselbilene våre forløpig…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg