Pass på lommeboka!


Her min dagen då eg bladde litt på nettet hamna eg inn på sida til rorbua, og der var alle humoreskene frå rorbuprogramma. Ein av vitsane, “lommeboka”, lo eg godt av og prøvde å leggja den om til rim. Originalen var nok betre, men her kjem rimet.

Lommeboka.

Jenta møtte opp hjå politi
ho var fråstolen lommeboka si.
Mykje pengar hadde ho mist,
men forklåringa var enkel til sist.

Eg hadde mykje pengar i boka
som eg gøymde i inste broka.
Det skulle vera trygt nok der
under så mykje klær.

Så hamna eg på dansefest
og eg dansa visst mest
med ein storflott dansekar.
Etter ei stund det heimover bar.

Så hamna me snart i same seng,
det er gjerne slik det gjeng
når dansefesten tek slutt
og kvelden tykkjes for stutt.

Han jobba seg ned i trusa mi
eg vona lommeboka fekk bli.
men då han for, var boka vekk.
Og so han som var så kjekk!

Lensmannen undrast då,
skjøna ho ikkje at det slik kunne gå.
Å ta med frå dansen ein ukjend mann
då kunne vel det meste gå an.

Nei, han var jo så kul og grei
og eg er då eit ansvarleg kjei.
Men her er det tanken min svikter
eg trudde han hadde ærlege hensikter.
04.10.2017.M-m.
 

8 kommentarer
    1. fruensvilje: Det er mange gøymestader som er betre enn trusa ved slike høve, haha!
      Eg laut finna på noko muntrare å skriva om enn haustregnetsom auser ned for tida.
      Ha ein fin kveld…

    2. Denne pengepungen kunne vel ikkje vera så enormt stor, og ein slik liten pung kan vel stikke seg bort ymse stader. Det står ikkje noko om det vart føreteke ei åstadsgransking? Det skulle vel ikkje vera så vanskeleg, ettersom ho hadde med seg åstaden då ho var hjå lensmannen. Eg berre undrast. Du får leita opp fleire kriminalsaker for oss.

    3. Pedro: Nei, du har rett, og trusene er visst ikkje så store i dag. Me er vel i alderen frå dei bombesikre.
      Elles ville vel ei åstadsgransking på lensmannskontoret kunna medført tiltale om kjønnstrakassering, kva veit eg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg