Hauststorm…

.
I dag som den fyrste hauststormen vitjar oss her vest, og vindkasta har flytta sameiget sine hagemøbler ut på den haustlege plenen, kjennes det godt for gamlegubben å sitja i godstolen og nyta den varme stova medan han prøver å finna ut kva han skal ri seg ut på i dag.

Helga, som så vidt er over, minna han på at alderdomen hadde nådd han, for då var det feiring av dotteras 50-års dag. Forresten, han reflekterte meir over kor gildt det var å vera med på festen og kor heldig han var som som fekk nyta fellesskapet med slekt og vener, gumlande på velsmakande tapas og eit etterfylgjande kakebord.
Den giktbrotne skrotten tillet ikkje akrobatikk på dansegolvet, og dei nye danseformene var heller ikkje hans heimebane, men festen var fin – 50-åringen også.

Attende til hausten, ei ulukke kjem ikkje åleine, seiest det.
I går då gubben skulle ta heisen ned til garasjen nekta heisen å sleppa han ut. Dama i høgtalaren forkynte at gubben no var i garasjen og kunne gå ut. Det visste han, men kva hjelper det når heisdøra ikkje vil det same som dama i høgtalaren.
Då var det å trykkja på knappane til det endeleg kom ei røyst som undrest på kva som var i vegen. Etter litt godsnakk og prøving og feiling greidde gubben å pressa seg ut dørsprekka med lovnad om at no skulle reparatøren snart vera på plass. Forresten var det visst godt at gubben kom seg ut, elles kunne det kanskje ha vorte overnatting i heisen, for heisen står framleis og kviler seg.

For å oppsummera.
1. Hausten er her, det er berre å sjå ut glaset.
2. Når ungane fyller femti begynner du sjølv å trekkja på åra.
3. Du må ikkje lita på dama i heisen.
4. Livet kan vera bra om hausten også.

Ha ein fin haustdag. Så sant du ikkje bur i Nordnoreg då. Der har dei visst sumar enno.

 

4 kommentarer
    1. Du får ta med deg niste neste gong du skal i heisen; livet er fullt av overraskingar. Å ta med sovepose blir vel litt i overkant.
      Eldste arvingen vår runda nett 50 også. Lurer på kor det vart av alle desse åra. Han drog til den evige stad Roma for å få ting i perspektiv, så kakefesten kjem litt seinare.
      Tenkte eg skulle kommentera din forrige blogg, men eg greier ikkje å knyta noko fonuftig kommentar til politikarane våre; dei virrar litt rundt for tida. Men månadsdiktet var av godt merke som vanleg, og noko nytt finn ein alltid. Eg tenkjer då på stakkaren som måtte ha hjelp av smeden for å få laus reidskapen frå vektløfterholet; kva han skulle med han der?
      Ja, så var det hausten. Eg sjekka det elendige veret som var i september, og fann då ut at me hadde hatt 99,9 mm nedbør. Så såg eg på Bergen ; der hadde de hatt 171,7 mm. Då skal eg ikkje seia meir. God haust!

    2. Pedro: Takk skal du ha. Jau hausten er over oss, det er sikkert.
      Ein liten kommentar til politikarane. Eg trur sanneleg at fleire av dei er meir oppteken av å verna sine private revir enn å etablera sryrekraftig leidineg av land og folk. Andre, les sektpartiet vårt, lek til både høgre og venstre og skjøner visst ikkje at ein bokstav (K-en) vert for lite å lokka oss med.
      Me får gratulera lurum-larum-gubben Trond med leiaarskapen i finanskomiteen. Skit i likestillinga berre dei dei får klatra eit trinn eller to i stigen.
      Ha ein fin kveld…

    3. hadde aldrig brukt heisen igjen jeg etter en slik opplevelse,godt du kom deg ut ja,foresten er trappetrinn kjmpegod trim :)) jeg liker høsten og hos oss har vi hatt en måned med så godt som bare solskinn,litt værsnu nå men det er deilig ute :)) ha en fin kveld

    4. fruensvilje: Høsten er ok den,bare vi slipper unna de verste regnskyllene, men det satser vi på.
      Ellers er heisen vår et vedvarende problem, men det blir vel en løsning på det også etterhvert.
      Håper i alle fall det, for beina er ikke hva de en gang var.
      Ha en fin kveld dere også.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg