Septembersong..


Google.

Ja, så står dei der framfor løvehola og gliser, både sigrarane og taparane. Nå kan altså krangelen om makt og posisjonar ta til. Me får berre vona at dei folkevalde også tenkjer på folket dei er sett til å tena, og ikkje berre eigne snevre interesser og maktposisjoner…Det som har kome fram til no lover ikkje det beste, korkje på den raude eller den blå sida.
Elles kunne eg ikkje dy meg, måtte ha med meg tyskaren som sette snoppen fast i treningsapparatet. Brannmenn, narkose og vinkleslipar vart medisinen.

Septemberhymne 2017.

Over er krangel, valvake og val,
endeleg kan dei pusta ut.
Dei tømmer sin politiske gral
nokon med glede, andre med sut.
Dei raude lyt kanskje sleikje sine sår
medan dei blå øvst på sigerpallen står.

Men sjølv om sigeren er blå,
vart den kanskje litt for vag.
For dei vil ikkje samla stå,
då Knut er vonbråten, og vil skilja lag.
Nei, ho Erna lyt syna statsmannskunst
om ho skal verta han Knut til gunst.

Men Knut han strir den tunge striden
med eit parti på gravas rand.
Har ikkje Krf fylgd med tiden
sidan ynskjedraumen rann ut i sand.
Det vart inga sentrumsregjeringsmakt
så då tok han på seg opposisjonens drakt.

Kan ein vera statsministerkandidat
når ein er mangemillionær?
Dette klær visst ikkje ein sosialdemokrat,
han bør visst gå i slitne arbeidsklær.
Men Jonas gjorde så godt han kunne,
mindre pengar, og han hadde truleg vunne.

Det vert visst også uro i Jonas sin leir
for Espen og Trond vil ha nye posisjoner.
Dei vil ha Marianne og Anniken ut or sine reir,
lyt kvinner vika for manneambisjoner.?
Jau, Jonas har fått eit delikat problem.
Vil han gjeninnføra eit mannedominert system?

I Tyskland trimmar dei heile kroppen
slik at toppformen kan verta nådd.
Ein gubbe greidde å låsa snoppen
i holet på eit vektløftarlodd!
Vinkelslipar og narkose laut på banen
for å frigjera snoppen til den stolte «hanen».
30.09.2017.M-m.
 

2 kommentarer
    1. Bra oppsummering i “diktform”…mye styr med politikken..men det går seg vel til på et vis . Her i Norge har det heldigvis ikke slike store konsekvenser for folk som det kan ha i enkelte andre land..tror jeg..:)) Fin kveld til deg :))

    2. annebe: Naida, det blir nok en løsning, og som du seier, blir det ikke store forskjeller samme hvem som styrer. Men litt “morro” er det å være vitne til spillet…God kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg