Augusthymne 2017

Så er det tid for neste hymne, ein dag før ruta, men eg vel å vera tidleg ute. Det har tekniske årsaker.
Her var så mange emne denne månaden, valkamp er inspirerande for ordekvibrillisten, men der er ikkje eg. Likevel gjev valkampen meg grunn til å fundera om ikkje det var betre for politikarar å prøva å forklåra eigen politikk enn å snakka ned motstandarden.
Jaja, det heiter valkamp, så da ligg det vel i korta at det skal vera litt krig.
Ja, krig vart det og då ho Sylvi tok med seg valkampen til vårt granneland. Eg vonar at me slepp å reisa på grensevakt etter det stuntet.
Forresten, i dag dukka det opp ei sak i nyheitene som skulle hatt eit eige vers denne månaden. Det skal, som kjent, haldast sykkel-VM her i Bergen  – neste veke er det visst. Så har arrangørane oppdaga at dei må betala bompengar for følgje – og – servicebilar. Ja, det var vel ei ubudsettert bombe! 
Søknad om fritak har vorte refusert. Men. ærleg talt, sykkelsporten er ein mangemillionsport som har god råd til å gjera opp for seg, og arrangørane er godt fora med millionar frå offentleg pengebinge for å få arrangementet i hamn. Nei, betal og prøv å sjå glad ut…

Så over til kamphanane og hønene i politikken..:

Google.

Augusthymne 2017.

Ja, så fekk me oppleva det.
Politikk på den årlege pilgrimsferda.
Nidarospresten fekk vera med,
og pressa sat sjølvsagt oppe på herda.
Ministrar med smil og stav i hand,
vekkjer det valhugen hjå menig mann?

Ein trimtur treng dei, det kan eg tru
no som dei er i valkampmaraton
og skal handhelsa folk i by og bu
og ber om eit tingsete fire år på lån.
Men kaprar dei veljarar på pilgrimsturen
då vert kanskje Knut Arild lei og sturen?

No kranglar dei om norsk kultur,
Linda i pilgrim og Tadja på Trollpikken.
Kva er det politikarane trur,
eig dei verkjeleg ikkje folkeskikken.
Slik veljarnedvurdering gjer meg matt.
Har dei ikkje andre emne å ta fatt?

Mobbing og trakassering vil ingen ha,
i alle fall ikkje i skule og dagleg liv
men politisk mobbing er visst bra,
i valdebatt med retorisk kiv.
I politisk debatt kan visst alt gå an,
jamvel å mobba politisk motstandsmann.

No er Knut Arild fly forbanna,
ho Sylvia rappa han kraftig i nakken.
Ho tømde all bensinen ut or kanna
og prøvde å svi han ei ripe i lakken.
Er det då rart at han såg sjølvaste styggen
ho skulda han å sleikja immanen på ryggen.

Han Jonas slit litt i valmotbakke,
skatteauke er ikkje noko sjekketriks.
Ho Erna vil helst om skattelette snakke,
men den retorikken er ingen kvikk fiks.
For eigendomsskatt og avgifter har auka.
Då hjelper det lite om skattelette å kauka.

Nei, valkampen gjer meg ikkje klok,
mange flosklar og mykje ull.
No tek eg på med ei blåraud brok,
og tek meg ein gulgrøn sull.
Men valdagen kjem, kva skal eg stemma,
men der må eg seia, eg er i ei klemma.

Tenk dykk, på sykkelsetet etter 14 mil,
så vert det plutseleg stopp.
Alle jentene fekk ein ufriviljug kvil,
det var ei bru som skulle «opp».
Det er ikkje greitt å vera toppsyklist
når vegbommar stoggar dei hist og pist.
31.08.2017.M-m.


Google

6 kommentarer
    1. Ja nå er det mye å følge med på om dagen, og som du sier det er mye å rakke ned på de andre som får mest fokus..
      Artig og opplysende hymne..Ja hva skal “eg stemma ” ? ..ikke lett !
      Det med de syklistene og brua hadde jeg ikke fått med meg…det var full stopp ja..hehe.. Ha en fin dag videre :))

    2. Ja, der fekk du gjeve oss eit godt bilete på den tid me er inne i, og september vert nok ikkje bedre. Eg vil ikkje påstå at politikarane lyg, kanskje dei berre let vere å fortelje sanninga. Ein parallell finn ein i butikkane no til dags når årets lammekjøt vert bydd fram til sals før sauene er komne ned frå beite. Alt går fort i våre dagar, men her er det noko som ikkje stemmer.
      Ha ei fin helg medan du leitar etter eit høveleg parti å røyste på

    3. Pedro: Ang lammekjøtet, så har eg lurt på det same som deg, undres på om Rema, Meny og andre har vore ute på fjellet på tjuvslakt?
      Om politikarane lyg veit eg ikkje, men eg får seia som ein sambygding sa for mange år sidan.:”Eg seier ikkje at du lyg, men eg trur deg ikkje”!
      Graut – og skoddeprat er det i alle fall nok av no
      Nei, no er det berre å sjå fram til årets humorhappening, partileiardebatten. Den bør halda til “Gullrute” i år…
      God helg…

    4. Mari J. S. Bergh: Takk for hilsen. Har nettopp returnert fra en kort ettersommertur til Ålesund og Molde – to vakre byer. Planlegger å gjenoppta bloggen med nye hymner etterhvert. Godt vi er flere godt voksne her.
      God helg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg