Eg lyt nok plaga dykk…

…med eit maihymne denne månaden også. Politikarane lurer seg, stort sett, under radaren og pennen min i mai, men eg tenkjer at dei kjem sterkare att no når valkampen stundar til. Trumpen fortset sin presidentakrobatikk som stort sett går ut på breial framferd og sparking av medarbeidarar, og verda undrar stadig på om han kan rota det endå meir til når han no gjer “America great again”. Store ord og fleskefeitt (i alle høve for meiningsfellene hans) er det nok av frå den kanten. Me sit utafor og lydar til galskapen, og kan ikkje stort anna gjera.

Google

Mai 2017.

Ein kval med magen full av plast
laut avlivast i sjøen her vest.
Resultat av vårt liv i bruk og kast
gjer hav og hamn til søppelpest.
Men no har dugnadsånda sigra
frå nord til sør, og vest til Vigra.

Men, kor lenge levde miljøtanken?
Jau, 17. mai tok den slutt.
Då tømde me heile heliumtanken.
i plastballongar for å gje dagen futt.
Så slepte me ut tusenar av ballongar
frå gater, parker og pynta balkongar.

Så er ho Erna ute og køyra,
ho kalla søppel for søppel i TV-ruta.
Slikt ville fiffen slett ikkje høyra,
ikkje av skipparen på regjeringsskuta.
Nei, søppel skal kallas avfall eller boss,
I alle fall i stova  hjå «fisefine oss».

“Å herregud så smart æ e”,
tenkte Reitan då han laga sin app.
For Rema vert det heile lukka det,
når dei sine dårlege leverandører slepp.
Men me ville ha Lerum syltetøy og Hansa øl;
så no dropper me Rema og bryggjer sjølv.

Så er det landsmøtefest i MDG,
og der lanserer dei vårt nye land.
All olje skal snart få liggja i fred,
og 30 timars veke til alle mann.
Tax-freeoverskotet skal gå til trikk og buss,
men mindre flytrafikk kan vel ikkje gje pluss..

Og Trump har vore på europavistt.
Her har han markert som ein vårgra katt.
NATO og parisavtale er berre noko skit,
for no skal Amerika verta mektig att.
I Russland sit vel han Putin og gliser
over Trump og Europas politiske maliser.
31.05.2017.M-m.

Google

 

4 kommentarer
    1. ja det har vært en underlig måte når det kommer til nyhetene ser eg,av søppel og plast ser jeg også att landbruket er noen syndebukker,for det henger masse rundballplast og prydder i høge grantrær og grøftekanter,det er slettes ikke noe vakker pynt spør du meg

    2. fruensvilje: Så enig…Jeg tror nesten at alt plastsøppelet snart kan true vår eksistens like mye som fossilt brennstoff. Håper at vi ikke oppdaget faren for seint.
      Ellers gjør jo de frivillige strandrydderne en formidabel jobb.
      Ha en fin ettermiddag.

    3. Også denne gongen greidde du å få til eminente rim på stusslege hendingar; gratulere med det. Vil berre minne om at det var demokratiet som ga makta til både Trump og Hitler, så ein kan vel snakke om ris til eigen bak. Det er ikkje lett å vera menneske, det som er framtid og løysing på alle problem i eine augneblinken, det syner seg å bli eit forbaska problem i neste, til dømes plasten. Ha ein fin junidag!

    4. Pedro: Så rett. Kven tenkte vel over at plasten skulle verta eit problem for verda. At Trump skulle verta det var vel ikkje anna enn venta – så der innfridde han i alle høve…No er vel eg ein av dei som trur at tida har runne frå han og at dei grøne løysingane køyrer sine eigne løp, uavhengig av statleg synsing og styring. Eg registrerer forresten at Spetalen lovpriser Trump sitt farvel til verda. Jaja, der pengane overstyrer vitet kan det vel lett gå slik.
      Ha ein fin dag og friska opp våre parisminner frå fredagskveldar på Charlety, kinamat og annan tidtrøyte.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg