Tømd og kasta..

Fann nokre gamle skriblerier som kanskje kan høva no i denne plastsøppeldebatten. Kanskje eg har utsendt det tidlegare, men ha tolmod med eingamal mann!

Slit og sleng.

Du låg der i vegkanten,
rusta, tom
og kald.

Kunne ikkje brukast lenger.
Tømd for varme
og energi
vart du kasta.

Du gav av din eld,
gav livsnyting,
alltid til teneste
for kroppslege,
og sjelelege behov.

Men no er det slutt.
Du greidde ikkje
å kveika elden lenger.
Du var berre ein
tom sigarettennar.

17.02,2010.M-m.

4 kommentarer
    1. Lyriskt og vakkert om en rusten sigarettenner..hehe.. Dumt med søppel langs veikanten..men bra du fikk noe positivt ut av det .. Kos deg med dagen videre :))

    2. Snart hamnar vel desse reidskapa på museum; no er det snusboksen som gjeld. Dei fleste av oss var vel i kontakt med sigarett-svineriet, men kom på betre tankar etter kvart. Men me kan skryte av at me aldri snusa, eller pynta lekamen med tatoveringar. Ha ein fin dag utan tobakk og sigarettennar!

    3. Pedro: Nei, det fallerer nå, sjølv sigaren til jul har måtta vika for ribbelukta. Snus vart det ikkje, men skråa har eg prøvd. Det var helst i staden for røyk når ein var på sjøen og fiska – det var ikkje lett å rulla seg ein røyk då med våte nevar. Men fyttirakkaren, skråa var ikkje god den heller.
      Me får nyta våre nikotinfrie liv, så lengje det varer…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg