Det skulle ha vorte…


Google

…aprilhymne her i dag, men den digitale verda speler meg eit puss så eg lyt ta den prosaiske teksten, eller kva det no heiter, i eige innlegg.
Den kinesiske muren er med avdi Erna var visst observert der oppe. Etter ein naudsynt “handshake” med den kinesiske presidenten fekk ho visst lov å ta dagens trimtur der oppe.
Elles tykkjer eg synd på politikarane våre som lyt posera i allslags framtoningar no i desse gryande valkamptider…Jonas, til dømes, laut dansa med Madcom på partiet sitt landsmøte hi helga – stakkars mann.
Så har Krf’s Knut Arild bekrefta at han ikkje veit om han er venstrehendt eller retthendt. Ap er lite aktuell som samarbeidspartnar no etter at dei klussar med bokstavane i KRLE-faget, og høgresida med Frp er reine pesten
Han styrer vel mot eit samarbeid med ho Trine under sperregrensa, tenkjer eg.
Elles har april månad mest vore plaga av ein forventa vår som aldri kom. Ja, og så er arrangørane av sykkel-VM som skal gå av stabelen i Bergen no i sumar plaga av sponsortørke.
Takka for det, seier eg. Dei vil jo stengja store delar av byen både for tilreisande og bebuarar i 14 dagar., og då er det vel ikkje meir å forventa.

På det personlege planet fekk eg ei påminning frå Apollo om at dei venta betaling for ei feriereise eg hadde bestelt tidlegare. Forfallet for betaling av reisa var same dagen påminninga kom. Reisa var lagt inn på forfall og betalinga var gjort, likevel presterte Apollo å truga med å annulera reisa. Ein telefon og ei beklaging frå Apollo si side avklara saka. Men som eg melde til selskapet.: Takk for meg Apollo, slik kundebehandling finn eg meg ikkje i!

2 kommentarer
    1. Siv Svanem: Jaja, men jeg tror nok at de innimellom føler at de har en litt ubehagelig jobb også. De føler nok at de gjør så godt de kan, men det gir jo “kverulanter” som meg noe å skrive om av og til.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg