Marshymne 2017…


Google. Dei ser ikkje så løgne ut her!

Denne månaden har eg stor sett lete politikarane fått kvile, men løgnasfaktene rundt oss blømer likevel.
Løgnaslaget i Stavanger fekk rettens medhald i at det var greitt at ein frisør på Bryne kunne omtalas som Nazifrisør i revyen deira…Huff!
Ja, og så har ein kome fram til at kvinner veg mindre enn mannen og fylgjeleg bør få ha meir bagasje med på flyet for å vega opp mot husbondens hengjemage. Men hallo, slik har det da vore her i huset i mange år allereide.
No er det visst naudsynt at 12-åringar hyrer seg personleg fotballtrenar om dei skal koma opp i Messi-klassen. Nei, løkkefotballen er nok ikkje godt nok som rekrutteringsgrunnlag lenger.
Elles finn de sikkert ut av det meste ved å lesa rimet mitt nedanfor.

Mars 2017.

No har dei endeleg funne det ut,
at kvinna er lettare enn mannen.
Så har det lenge vore ei kvinnesut,
at det kostar å fylle kofferten til randen.
Konsekvensen om de skal ut og fly.
kvinna lyt få fylla meir i reisekista si.

Ho treng meir av klede og sko
samt ein velfylt sminkepung.
Det vart meir enn gubben forsto.
Ikkje rart at kofferten vert tung.
Kva får du med deg om du er kar?
Jau, tannbørste, sko og eit sokkepar.

Retten forkynner for land og by;
Me har ein Nazifrisør på Bryne.
Ei dame vart stempla i ein revy
utan at Løgnasslaget fekk på trynet.
Har dei gløymt at Nazi er eit belasta ord
som framleis sit djupe og krenkjande spor.

Eigendomsskatt er på moten no.
Sume kommuner skattar alle bygg.
Har du hundehus eller utedo
kan du slettes ikkje kjenna deg trygg.
Eit hundehus vart oppmålt oppe i nord;
to kroner skattekrav kom på eigarens bord!

Bergensbana skal forkortast no
det har me høyrt i minst femti år.
Prosjektstart vart forkynt av Erna & co
men framleis ser det ut til at tida går.
For no forkynner ho Erna glatt og blid.:
Planlegging er viktig og lyt ta meir tid!

Personleg trenar er no visst tingen,
om fotballproff er ambisjonen.
Det held ikkje lenger med ballbingen,
om du skal lukkast i øvste divisjonen.
Pengar må ikkje stoppa poden
på vegen til stjernestatus på kloden.

Det stundar mot val, kampen er i gong,
og SP fyk fram i ledig galopp.
Der syng dei klårt distrikta sin song,
og då lyt dei andre partia sjå opp.
For Noreg er meir enn innafor Ring-tre,
Politikken gjer lurt i å merka seg det.
31.03.2017.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Du er en mester i å få fram poengene og samtidig lage rim som fungerer VELDIG godt! Ha – ha – Gubben kan bare ha tannbørste , sko og et sokkepar! Jeg er KRIMINELL til å dra med meg alt for mye “I tilfelle je sku’ komma tel å trenge det!” Men : Nå har jeg jo ingen Gubbe – så om det blir overvekt, går det bare utover meg sjøl! 🙂

    2. karidansen: Det går som regel bra her “i gården” også, vi har etter hvert fått bra plass i kuffertene våre. Likevel syntes jeg at denne saken var litt artig og trengte en kommentar fra min side, hehe…

    3. Godt du fylgjer med og får galskapen ned på papiret. Politikarane har hatt nok med landsmøte og programarbeid så langt, men no kjem dei store kanonane med blå ballongar og raude roser ut mellom oss. Alt skal bli så bra berre dei får vår røyst. Men no kjem også skattemeldinga, og den får oss nok ned på jorda att. Du får sikkert mange gode poeng til vårens månadshymner. Takk for at du set fokus på det skeive i samfunnet, din humoristiske vinkling gjer børene litt lettare å bera.
      Men no stundar ei skifri (og vonaleg skyfri) påske til, og du greier deg nok utan Swix i år.

    4. Pedro: Ja, politikarane kjem sikkert til å inspirera i fortsetjinga. Eg vart jævlig inspirert her hin dagen då eg fekk rekninga for eigendomsskatten i posten. Straffeavgifta for å ha eigen bustad er surt å få. Særleg når eg flytter inn i ein mindre bustad og får meir i skatt for den enn for den eg flytta frå.
      Eg trudde fyrst det var Trump som hadde vore i postkassen min med “fake news”.
      Jaja, ha ein skattefri sundagskveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg