Galt var det verre…


Google.

I 2009 ble jeg litt fokusert på det stadig tilbakevendende problem, hva er rett og hva er feil å putte i munnen. Videre var det da, som nå, viktig å kjenne de riktige “kanalene” om du ville trenge gjennom byråktati og få ting gjort. Kjenner dere situasjonene igjen?

Rett er gale og gale rett.

Gale var det verre, og før er det no,
omsnudd er alt som i skriftene sto.
Det meste som smakar er til skade for kroppen,
Helst skal du halda deg til vatn rett frå koppen.
Men, berre vent,  om eit par års tid
kan du nyte di matglede like blid.

Fedon er ein matprofet.
Han forkynner.: Ikkje et potet!
Mjøl er heller ikkje bra
om du mange gode dagar vil ha.
Skal du unngå tidleg død
er nok beste kosten borkebrød.

Sky alt feitt, et mykje fisk
om du vil halda deg sunn og frisk.
Frukt er heller ikkje bra
om du ikkje magefeitt vil ha.
Egg var også nei-mat ei stund
men har no ord på seg som god og sunn.

Mjølkemat trudde me var sunt og godt,
at dette er ei villfaring har me no forstått
hald deg unna mjølk og smør.
Sei nei til rommegraut om nokon spør.
Best er kanskje vatnet dei tappar under breen.
Eg ventar no berre på den beskjeden.

Moralen lyt vera.: Lev moderat.
Forsyn deg med gledene fra kvart fat.
Lån til profetane litt av ditt øyra,
men slett ikkje alt treng du å høyra.
Lev roleg om vaktarane syter og klagar
la matgleda vera med å fylla dine dagar.

Så over til vårt arbeidstilsyn,
hi veke slo dei ned som eit lyn.
Nekta lystgass til fødande kvinne
slik at ho kunne over smertene vinne.
For gassen gjorde jordmødrene ør og galen
så dei for og dansa i barselsalen.

Eg held meg framleis ved sjukehussenga
for her i Bergen trongs mykje meir penga.
Så, korleis makta å skaffa seg mest
av pengar til sjukehusdrifta i Vest.
Jau, løysinga vart enkel og genial.
Der det regnar og bles mest vert folk ofte skral.

Ja, då lyt me finna ein ny moral.
Om du kjenner deg liten eller skral
finn tak i ein byråkratisk ekspert.
Han gjev deg straks argument med snert.
Og vips, så har du løyst problemet ditt
Skit i dei andre som strir med sitt.

Så litt meir politisk sus,
han SV-Inge laut på sjukehus.
På rommet var det svært så vindfullt og gale
så Inge laut med kvitlar og dunjakkar bale.
Han ringde sin ven som er helseminister,
“Her ligg eg og frys, skrotten min rister”.

Og “Pølse-Håkon” tok straks affære,
og sjukehusdirektøren fekk litt å gjere.
SV-Inge fekk løyst sitt problem i ein fei,
samstundes fekk me andre ein praktisk vei.
Ring din minister, legg fram ditt problem.
Og vips, det straks opp på dagsorden kjem.

Det er skilnad på kong Salamon og Jørgen Hattemakar
slik også på stortingsmann og bakar.
Den eine meskar seg med gullpensjon,
den andre lyt tåla ein mindre rasjon.
Å dela med andre kjem ikkje på tale,
nokon skummar fløyte medan andre må bale.
27.05.2009.M-m.

 

3 kommentarer
    1. Ja, me held oss etter den smale veg og skyr alt som helseprofetane åtvarar mot. Ein fløyteskvett, ein vinskvett, eller for ikkje å snakke om ein knert av konjakken – då har me dårleg samvit i dagevis. Men så les me at spanjolane lever lenger enn oss, sjølv om dei et kjuklingar fora på antibiotika og syndar mot alle godtemplarreglar. Og dei vinn til og med ein og annan fotballkampen.
      Nei, god natt!

    2. Pedro: Haha, då skjøner eg kvifor Fedon ikkje valde Spania då han valde seg ei ny matmisjonsmark. Her i landet er det nok lettare å nøra under alskens matfobiar…MEN, juleakevitten og påskekonjakken skal ha sanneleg ikkje få lura oss bort frå.
      Ta ein god kveldskonjakk og ha ei fredeleg natt.

    3. Pedro: Forresten tenkte eg at du ville ha kommentert det trekkfulle sjukehusopphaldet til Inge Ryan som Pølse Håkon vart beden å rydda opp i.
      Forresten må sjukehusopphaldet ha gjort han godt. For no er han visst ute av både SV og politikken, og han har jamvel gifta seg med ei Krf-dame!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg