Opp som ein hjort…

.ned som ein lort. Ja, det var noko ein av og til kunne høyra i yngre dagar når entusiasmen og overmotet døyvde alle tryggleiksvurderingar og når ein møtte veggen med eit brak. Men for dei aller fleste av oss gjekk det over etterkvart som vitet vaks inne i skallen vår.
Men nokre av oss lærde aldri. Me var ute med kjeften, og når det ikkje gjekk vegen, laut me bøya nakken i skamløyse.

Ein av dei få som visst aldri lærde gjekk ut og lova det amerikanske folket at om dei berre gav han si stemme ved valet på ny president då skulle det verta orden på sakene. “Make Amerika great again”, var brunstbrølet fra revirtårnet.
Fyrst forkynte han at han ville byggja ein 9 til 17 meter høg grensemur mellom Mexico og USA, og at meksikanarane skulle byggja og betala den sjølv.
Så skulle han stogga muslimsk innvandring til reviret sitt, og sist og ikkje minst skulle ei helsereform som var nyttig for titals millionar amerikanarar skrotast.
Korleis har dette så gått etter at hjorten hadde avslutta brunstbrøla sine og innteke det kvite reviret sitt?
Jau, muren til Mexico er framleis i det blå, for grannelandet vil sjølvsagt ikkje byggja og betala 200 milliardar for muren.
Så har hjorten prøvd seg to gonger på å stengja muslimane ute, men begge gongene har hans befaling vorte stogga.
Til sist strandar visst også arbeidet med å skrota den store helsereforma han ikkje likte.
Er ikkje dette noko som nærmar seg det gamle ordtaket.:”Opp som ein hjort…..” så veit ikkje eg.
MEN, det stogger nok ikkje her, hjorten livnar nok til at, og me kan kan nok venta oss nye brunstraut i tida som kjem..

Google

2 kommentarer
    1. Ja, ikkje nok med det, dersom han vart president skulle han sende Hillary Clinton i fengsel. Men no er det kanskje andre som kjem i kasjotten, eller som i alle fall burde hamne der. Når ikkje ein gong partikollegane er einige med han, kvar skal han då hente støtte. Men statsleiarar med vanvittige idear har greid å køyra nasjonar i grøfta før, så kven veit.
      Nei dette er utrivelege tankar å gå inn i helga med. Men eg ynskjer deg i alle fall ei god helg der vest!

    2. Pedro: Nei, det er nok ikkje det siste me har sett frå den figuren – og eg får seia med Linda Eide.: “Siste ordet er sikkert ikkje sagt”. Me får venta og sjå.
      God helg i vårleg teikn.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg