Eg kunne ikkje dy meg…


Google.

Månaden vart  for spanande, med ulvejakt, skattejakt, ny president i USA, eksotiske boklanseringar og mykje meir. Di meir pensjonisten las aviser, kikka på TV og lytta til radio, di meir kom inspirasjonen til å kommentera nokre av hendingane. Om eit av versa vart i drygaste lager får gubben stå for det som kom på trykk.

Januar 2017.

Politikarane er no på ulvejakt.
Senterpartiet vil minska bestanden
medan regjeringa vil stogga slakt,
så no renn visst jakta ut i sanden.
Hjå bygdefolk tek sinnet til å brusa,
med ulven luskande rundt husa.

Eit artig aukenavn stortinget har;
Løvehola på folkemunne.
Med eit navneskifte er eg  no klar,
Ulvehiet er det nyutspunne.
Så lyt løve med ulv remplasserast,
og stortingsplassen lyt oppdaterast.

På tiltalebenken sit ein kjend politi,
hasj og korrupsjon er tema.
Har han tuska til seg pengar på si?,
eller fylgde han instruks og skjema.
Er politimannen skurk eller helt,
det får me veta når domen er felt.

Han Jonas har no bestemt
å gå mot eige partiprogram.
Å tvinga kommunar vart for betent,
då vart det betre å skifta ham.
Slik går det når SP trugar AP?s stemmer,
då skifter ein skoa når dei klemmer.

Dei har gnåla om skatt i åtte år;
lette for dei rike, dei fattige blør.
Når det no mot valkamp går
skal skattane oppatt som før.
Etter fordøming av andres skattekutt,
vert skatteauke snart eit absolutt.

Ja, så absolutt at ein ting vert gløymt;
at lette i skatt på eigneluter
ikkje berre i bankboka vert gøymt,
men kan løysa bedrifters økonomiske suter.
Nye arbeidsplassar kan skapast.
Med skatteauke kan dei like gjerne tapast.

Verda har fått ein ny president,
Trump, om det har gått hus forbi.
Beskjeden er han ikkje plent
så verda er i spaning for ei ny tid.
Ein storkjefta og respektlaus rabulist
flytta inn i det kvite huset til sist.

Det starta med, «Sjarmen med tarmen»,
så kom, «Gleden ved skjeden».
Tabuemner som kom inn i varmen,
skapte visst ikkje den store «vreden».
Då blir det kanskje å tøye strikken
med boktittelen, «Gymnastikken med p***en».
31.01.2017.M-m.

 

9 kommentarer
    1. Hahahahaa! Du er itte snau når du først sætt i gang! Du er en mester i å få til finurlige rim UTEN at det blir så vanvittig oppkonstruert. Jeg er ikke den som følger best med i timen når det gjelder politikk, men (på mirakuløst vis(?)) jeg har da likevel fått med meg det meste av det du skriver om her! 😉

    2. karidansen: Takk, eg er svak for ros – men eg var litt i tvil om at eg skulle fyre av det siste verset denne gongen. Eg tenkte “skitt la gå”, så trykte eg på enterknappen.
      Generelt må eg seia at eg jobbar litt med versa slik at dei kan få ei så presis meining som råd.
      Ha ein fin dag austafor langfjella…

    3. Helt greit å “Fyre av” i denne sammenhengen. Ingen fare ….. når du er så tekkelig at du erstatter “P…” med “Prikk, prikk prikk……”

    4. Eg banna og las og var så hjartans einig i dine velskrivne ord, heilt til eg kom til siste lina – då løyste alt seg opp i ein skrallande lått. Kona kom fykande og ville vita kva det var.
      Takk for kvadet, og kvess blyanten. Eg trur du vil finna noko til februardiktet også.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg