Hastverksarbeid…?!

Balansekunst.

Så kom det,
i dag.
Mange,
har venta.
Graset, blomane,
fuglane.
Dei turre brunnane.
Ja, heile natura,
har tørsta etter det.

Regnet!
Brått var dei der att,
luktene.
Frå eng og blomar,
frå trea,
frå alt utomhus.
—- men—-
Det må ikkje,
koma for mykje,
eller vara for lenge.
Me vil ha attende,
sumaren.
Balansen mellom
paraply

og parasoll,
er viktig
for oss,
som vil ha,
i pose og sekk.
16.07.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. Jøss, du kan få det sagt. Det er jo akkurat slik det er. No syns eg at paraplyveret har vore lenge nok. Eg ventar berre på parasollveret, då går turen raskaste vegen til Kvinnheradsfjellla, der lavvoen står klar.

    2. Oldemorbloggen: Det høyrest gildt ut. Her går turen nordover til Lekafjorden. Likar oss best i maritimt terreng, men det har samanheng med helsa…

    3. Ja balansen er viktig, men denne sommaren har vore lite balansert vermessig, og takk for det. Nokre timar under paraplyen istedenfor under solparasollen må vi tola, bortskjemte som vi er no.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg